Get a reply from this employer
Your resume and cover letter, tailored to exactly what they’re hiring for.
Eide Fjordbruk søkjer dyktige operatørar til fabrikken på Brandasund, med avdelingar for opptak/bløgging og slakteri. Du vil ha ansvar for at produkta held høgast mogleg kvalitet gjennom produksjonsprosessane, i tett samhandling med kollegaer og ein god forståing av mattryggleik. Arbeidstida vil variere og krev tidleg oppstart mellom kl.
04:00 og 05:00. Stillinga rapporterer til teamleiar, og me tilbyr eit trygt og inkluderande arbeidsmiljø med konkurransedyktige lønsvilkår og
Eide er eit familieeigd selskap og blant pionerane i havbruksnæringa. Me har ein visjon om å setze standarden for framtidas havbruk. Visjonen vår handlar om å vere eit førebilete, slik at me kan produsere mat i sjøen på ein berekraftig måte.
Med vårt eige slakteri på Brandasund har me full kontroll over heile prosessen, og dermed kvaliteten på produktet vårt. Slakteriet skal vere eit føregangsslakteri innan kvalitet, HMS, berekraft og bruk av restråstoff.
Me søkjer dyktige operatørar til fabrikken vår på Brandasund, til avdelingane for opptak/bløgging og slakteri. Som operatør hos oss vil du ha ansvar for at produkta våre held høgast mogleg kvalitet gjennom alle produksjonsprosessane. Det får du til gjennom godt samarbeid med kollegaene dine og god forståelse for mattryggleik. Hos oss blir du del av eit trygt og mangfaldig arbeidsmiljø, der me er opptekne av at folk skal trivast og ha det gøy!
Opptak/bløgging:
I alle prosessane er det viktig å vere kvalitetsbevisst og forstå samanhengen mellom ulike kvalitetsparameter og mattryggleik. Arbeidsstaden er fabrikken vår på Brandasund i Bømlo kommune. Stillinga rapporterer til teamleiar.
Er du framoverlent og oppteken av effektive og nøyaktige prosessar, kan du vere den me ser etter. Ønskjer du i tillegg spennande arbeidsoppgåver, vil me gjerne høyre frå deg.
Ønska kvalifikasjonar og personlege eigenskapar:
Stillinga krev godkjent bakgrunnssjekk fra Luftfartstilsynet. Arbeidstidene vil variere noko, og vil kreve tidleg oppstart mellom kl 04.00 og 05.00
Eide tilbyr:
Kompetansen og bidraget ditt vil vere svært viktig for verksemda si vekst og drift i framtida. I Eide kjem du inn i ei verksemd som tør å satse både på visjonar og på folka sine. Me har eit motto: «Det viktigaste er å ha det gøy».