Get a reply from this employer
Your resume and cover letter, tailored to exactly what they’re hiring for.
Eide søker ein praktisk IT-teknikar som skal sikre stabil drift av klientutstyr, brukarar og nettverk på alle lokasjonar våre i Vestlandet, inkludert Bergen. Du blir kontaktpunkt mellom lokasjonane og IT og får oppgåver som spenner frå brukarstøtte til utrulling av programvare og oppsett av utstyr ute i felt.
Over tid kan rolla vekse til ansvarsområde for infrastruktur, nettverk og skyløysingar. Ein liten team gir stor fridom til å arbeide sjølvstendig, reise til lokale anlegg og bidra til
Bak produksjonen står vår IT/OT-funksjon som har ansvar for infrastruktur, nettverk, sikkerheit og operasjonell teknologi på alle lokasjonane våre: oppdrettsanlegg i sjø, setjefisk på land, slakteri og kontor. Mange av systema er produksjonskritiske, og nedetid får direkte biologiske og økonomiske konsekvensar.
Eide er eit familieeigd selskap og ein av pionerane i havbruksnæringa, med ein visjon om å setje standarden for framtidas havbruk. Vi produserer årleg om lag 20 000 tonn laks og aure av høg kvalitet, og dekkjer heile verdikjeda frå rogn til sluttkunde. I tillegg utviklar vi Watermoon, eit lukka oppdrettsanlegg i sjø.
Vi styrkjer no laget og søkjer ein praktisk og løysingsorientert IT-teknikar.
Som IT-teknikar skal du sikre stabil dagleg drift av klientutstyr, brukarar, nettverk og anna utstyr på alle lokasjonane våre. Kvardagen er praktisk og variert, med brukarstøtte, klientar og montering og oppsett av utstyr ute i felt. Du blir kontaktpunktet mellom lokasjonane og IT, og du bidreg også til at IT/OT-infrastrukturen er tilgjengeleg, vedlikehalden og dokumentert.
Over tid kan rolla vekse til å omfatte meir ansvar for infrastruktur og kjernesystem, som nettverk, serverar, virtualisering og skyløysingar. Du blir ein del av eit lite team der du får stor fridom til å jobbe sjølvstendig og finne gode løysingar.
For oss er motivasjon, haldningar og verdiar viktig. Du er praktisk, sjølvstendig og serviceinnstilt, og du arbeider strukturert. Du likar å reise ut og løyse ting på staden. Du trivst i team, deler det du kan, tek ansvar for arbeidet ditt og bidreg positivt til kulturen. Og du har alltid lyst til å lære meir.
Verdiane våre er kompasset i alt vi gjer:
Uredd.Vi tør å satse på visjonar og på folk.
Nytenkjande.Vi utfordrar etablerte sanningar og gjer ting på nye måtar.
Bevisst.Vi tek ansvar for fisk, folk, fjord og framtid.
Fisk. Folk. Fjord. Framtid.
I Eide tør vi å satse, både på visjonar og på folk. Vi bryr oss om kvarandre, fisken vår og miljøet vi driv i. Som IT-teknikar hos oss blir du ein viktig lagspelar i eit inkluderande og godt arbeidsmiljø. Hos oss får du:
Fast stilling, 100 %. Arbeidsstaden er Eidestøa i Bjørnafjorden eller kontoret vårt i Bergen. Du må rekne med jamleg reising til lokasjonane våre på Vestlandet, frå slakteriet i Brandasund på Bømlo i sør til lokalitetane i Nordfjord i nord. Stillinga har periodevis beredskap ved fråvær i IT-funksjonen.