A complete application in a minute
Tailored resume and cover letter, ready to send.
Hardanger Seafood er eit av Vestlandets mest moderne og automatiserte lakseslakteri. Vi søker ein teknikar som kan utføre vedlikehald og inspeksjon av maskinar og utstyr for å sikre god drift.
Du vil inngå i teknisk avdeling, samarbeide tett med andre avdelingar og delta i forbedringsarbeid for å oppretthalde produksjonen på eit høgt nivå.
Hardanger Seafood er eitt av Vestlandets mest moderne og automatiserte lakseslakteri. No skal me utvide det tekniske laget vårt. Teknisk avdeling består av ein stabil, kompetent og løysingsorientert gjeng som spelar ei avgjerande rolle for drifta vår. Ved å styrke laget vil me få endå større kapasitet til å arbeide strukturert og langsiktig med førebyggande vedlikehald, kontinuerlege forbetringar og vidare utvikling av produksjonsanlegget.
Er du ein person som likar å skape forbetringar og å sjå resultat av arbeidet ditt, er dette ein spennande sjanse til å vere med på neste steg i utviklinga av Hardanger Seafood.
Utføre regelmessig vedlikehald og inspeksjonar av maskinar og utstyr for å sikre optimal drift
Rapportere om maskinstatus og vedlikehaldsbehov til vedlikehaldsleiar
Samarbeide med andre avdelingar for å sikre optimal produksjon og drift, samt delta i forbetringsgrupper
Stillinga vil inngå i arbeidstid- og vaktordning på teknisk avdeling.
Hardanger Seafood er eitt av Vestlandets mest moderne og automatiserte lakseslakteri. No skal me utvide det tekniske laget vårt. Teknisk avdeling består av ein stabil, kompetent og løysingsorientert gjeng som spelar ei avgjerande rolle for drifta vår. Ved å styrke laget vil me få endå større kapasitet til å arbeide strukturert og langsiktig med førebyggande vedlikehald, kontinuerlege forbetringar og videre utvikling av produksjonsanlegget.
Er du ein person som likar å skape forbetringar og å sjå resultat av arbeidet ditt, er dette ein spennande sjanse til å vere med på neste steg i utviklinga av Hardanger Seafood.
Som teknikar hos Hardanger Seafood vil du få arbeide med avansert teknologi og moderne utstyr i ein bransje som stadig utviklar seg. Dine tekniske ferdigheiter og problemløysningsevner vil vere viktige for å forbetre og vidareutvikle vår produksjon, og du vil spele ei nøkkelrolle i å sikre høg kvalitet på våre sluttprodukt.
Du vil få:
Hardanger Seafood er eitt av Vestlandets mest moderne og automatiserte lakseslakteri. Med kapasitet i toppklasse, moderne fasilitetar og eit sterkt fokus på utvikling og innovasjon er HaSea ein arbeidsplass der dyktige fagfolk får vere med på å forme framtida til norsk sjømatproduksjon.
Hardanger Seafood ligg idyllisk til på Langevåg og er eigd av Eidesvik Laks, Fylkesnes Fisk, Lingalaks og Tombre Fiskeanlegg.
Me er sertifisert for topp kvalitet og matsikkerheit, og har med oss på laget eit solid team av erfarne, engasjerte og flinke folk som kvar dag jobbar for å levere meirverdi til kundane våre.