Get a reply from this employer
Your resume and cover letter, tailored to exactly what they’re hiring for.
Universitetet i Bergen utlyser ei treårig postdoktorstilling ved Institutt for pedagogikk ved Det psykologiske fakultet. Stillinga er finansiert av Noregs forskingsråd som del av WORDS2NUMBERS-prosjektet. Arbeidsstaden er Bergen, med noko reiseverksemd knytt til forskingssamarbeid.
Postdoktorkandidaten vil utvikle og gjennomføre forsking på språk, lesing og matematikk, analysere data med RI-CLPM og bidra til publisering og videreutvikling av instrumenter i SpedAims-kohorten.
UiB skal vere blant Europas fremste universitet, internasjonalt kjent for høg kvalitet i forsking og utdanning. Som samfunnsinstitusjon skal vi bidra til ei berekraftig og demokratisk utvikling og vere ein attraktiv og inkluderande studie- og arbeidsplass.
Video:
Det blir lyst ut ei treårig stilling som postdoktor ved Institutt for pedagogikk, Det psykologiske fakultet, Universitetet i Bergen (UiB). Stillinga er finansiert av Noregs forskingsråd som ein del av forskingsprosjektet WORDS2NUMBERS . Arbeidsstaden er i Bergen. Det må reknast med noko reiseverksemd i samband med forskingssamarbeid og datainnsamling.
WORDS2NUMBERS undersøkjer kvifor lese- og matematikkferdigheiter, og vanskar innanfor desse områda, er tett knytte til kvarandre. Den utlyste stillinga er knytt til arbeidspakke 2 (WP2), som undersøker korleis ulike språkferdigheiter bidreg til matematisk utvikling over tid. Postdoktorkandidaten vil nytte data frå SpedAims-kohort, ei pågåande longitudinell studie som følgjer om lag 750 barn frå førskulealder og oppover i skulealder

Video: https://youtu.be/M5n6RnScNgA

Stillinga som postdoktor er ei mellombels tilsetjing der hovudføremålet er å vidareutvikle forskingsprofilen og kompetansen din, slik at du kan kvalifisere deg for stilling som førsteamanuensis. Tilsetjingsperioden er tre år.
Du kan ikkje vere tilsett som postdoktor i meir enn éin åremålsperiode ved same institusjon. I samsvar med reglane til Forskingsrådet kan du heller ikkje tilsetjast meir enn éin gong som NFRfinansiert postdoktor.
Universitetet i Bergen er underlagt regelverket for eksportkontroll. Regelverket vil bli lagt til grunn ved handsaming av søknadene. Dersom universitetet ikkje har motteke vurderinga frå Utanriksdepartementet innan 6–12 veker etter søknad om eksportlisens, vil eit eventuelt tilbod om tilsetjing bli trekt tilbake
Nærare opplysningar om stillinga kan ein få ved å kontakte:
Mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre. UiB treng difor kvalifiserte medarbeidarar uavhengig av kjønn, etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsetjing, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og alder.
Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.
Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.
stedfortredande instituttleiar
Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.