Get a reply from this employer
Your resume and cover letter, tailored to exactly what they’re hiring for.
Kristin Nord-Varhaug i Rogaland søker ein erfaren og engasjert leiar til geografisk driftseining Sauda/Suldal og Etne/Vindafjord (GDE4). Du vil inngå i politimeisterens leiargruppe og vera med på å forme Sør-Vest politidistrikt sin framtid.
Stillinga er plassert i Sauda, med ansvar for å utvikle eit fleksibelt og samhandlande miljø, gjennom tydelig retning, god personalleiing og høg fagleg standard. Du må tena som representant for politiet i kontakt med publikum og kommunar.
Me søker ein erfaren og engasjert leiar til geografisk driftseining Sauda/Suldal og Etne/Vindafjord (GDE4). Du vil bli ein del av politimeisterens leiargruppe som skal forma korleis Sør-Vest politidistrikt skal jobba i framtida. Me forventar at du bidrar aktivt til heilskapleg drift og utvikling av både politidistriktet og driftseininga du skal leia. Du bidrar til å skapa ein fleksibel organisasjon med ein kultur for å jobba og dela på tvers.
Som leier i politiet må du oppnå resultat både i dagleg drift og under kriser, setta ei klar retning, skapa oppslutning om måla og gjennomføra nødvendige endringar.
Politistasjonsdistriktet har administrasjonsstad i Sauda og dekkjer kommunane Sauda, Suldal, Vindafjord og Etne, med til saman 21 100 innbyggjarar. Etne og Vindafjord politistasjonsdistrikt har tenesteeining i Ølen i Vindafjord kommune.
Stillinga er plassert i Sauda.
Sauda og Suldal er ein del av indre Ryfylke, Etne og Vindafjord ein del av indre Haugalandet og kan by på flott natur, jakt og fiske og eit aktivt næringsliv. Det går direktebåt til Stavanger og Bergen, og eit godt busstilbod til Haugesund. Kommunane har eit godt og breit tenestetilbod til innbyggjarane.
Me er på jobb for eit trygt Noreg. Som ein del av det viktige samfunnsoppdraget til politiet, skal me førebyggja og få bukt med kriminalitet, skapa tryggleik og ivareta rettstryggleiken. Me trur at mangfald bidreg til betre oppgåveløysing, og søkjer derfor medarbeidarar med ulik bakgrunn, erfaring, perspektiv og kompetanse. Dersom du har behov for tilrettelegging i rekrutteringsprosessen eller arbeidskvardagen, vil me gjera vårt beste for å gi deg det du treng.
Di evne til å tenka og handla heilskapleg er viktig. På den måten kan du bidra til kontinuerleg utvikling av politiet og til at me utnyttar ressursane betre på tvers av geografiske og funksjonelle einingar.
Me ser etter deg som har leiarerfaring, både med fagleiing og personalansvar. Me set høge krav til fagleg kompetanse, motivasjon, arbeidsmoral og personleg integritet. Me søker etter deg som til ei kvar tid opptrer profesjonelt og fungerer som ein god representant for politiet gjennom dine haldningar og handlingar i det daglege arbeidet. Di evne til å være trygg, nærverande, lydhøyr og bygga tillit hos publikum er svært viktig for ein leiar i vår organisasjon.
Dette må du ha for å være kvalifisert:
Du må kunne tryggleiksklarerast for HEMMELEG.
Det er og ønskeleg med:
Du må ha plettfri vandel og være skikka for teneste for å kunne jobba i politiet. Uttømmande og utvida politiattest skal innhentast og leggast fram før du eventuelt kan starta i jobben. Ved vurderinga av om du er skikka for teneste i politiet, vil det bli innhenta opplysningar om deg frå politiets register.
Du kjenner deg igjen i desse eigenskapane:
Politiet er ein open og inkluderande etat. Vi skal spegla utviklinga i samfunnet, og ønsker mangfald blant våre leiarar. Vi har ei målsetting om kjønnsbalanse i leiarstillingar og oppmodar kvinner til å søke.
Som medarbeidar i politiet har du høgt etisk medvit, du blir kjenneteikna av å vera modig og heilskapsorientert, du viser respekt og er tett på. Du kan lesa meir om dei etiske retningslinene våre og medarbeiderplattform her .
Dersom du har funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hol i CV-en, er det høve for å kryssa av til dette i søknaden. Er du kvalifisert for stillinga, vil du bli vurdert for positiv særbehandling. Det inneber at minst éin søkjar frå kvar av desse gruppene blir innkalla til intervju. Les meir om positiv særbehandling når ein søkjer jobb i staten her .
Video: https://www.youtube.com/watch?v=uUTjHmSB_Wc