A complete application in a minute
Tailored resume and cover letter, ready to send.
Vest politidistrikt søker ei fast stilling som politiførstebetjent ved Grenseseksjonen. Stillinga inkluderer ein sentral rolle som Schengenkontakt i ein seksjon i utvikling med fokus på heilskapleg grensekontroll.
Du må ha minimum 3 års erfaring frå grense/utlendingsforvaltning, IP4-godkjenning og solid kjennskap til Schengen-regelverket. Lønn frå 770 000 norske kroner, med vidare lønnsutvikling etter statsavtalar.
I Vest politidistrikt for tida ved Felles eining for utlending og forvaltning, er det ledig ei fast stilling som politiførstebetjent (SKO 0285) med funksjon som Schengenkontakt ved Grenseseksjonen. Grenseseksjonen er nyleg delt inn i tre avsnitt og du blir ein sentral fagspesialist i ein seksjon i utvikling, som har fokus på forbetring og innovasjon i samarbeid med andre avdelingar og aktørar. Grenseseksjonen skal fokusera på heilskapleg grensekontroll og ha eit formalisert samarbeid med naturlege samarbeidspartnarar som Toll, Marinen, Kystvakt mfl. innenfor konseptet IBM (Integrated Border Management). Er du ein av de hjå oss som viderefører dette viktige arbeidet?
Vi er på jobb for eit trygt Noreg. Som ein del av politiet sitt viktig samhunsoppdrag, skal vi førebyggje og nedkjempe kriminalitet, skape tryggleik og ivareta rettstryggleiken.Igjennom grensekontroll og grenseovervåkning skal me førebyggja og nedkjempa kriminalitet som ulovleg innreise, omreisende kriminelle grupper og nettverk, menneskehandel, menneskesmugling og falsk ID på både luft og sjøgrense i distriktet. Schengenkontakten har ei sentralrolle i dette arbeidet.
Seksjonen har dei siste åra vekse i storleik og har fleire komplekse arbeidsoppgåver. I ein tid prega av tryggingspolitisk uro er grensekontroll og grenseovervåkning viktigare enn nokon gong. Blir du med på laget?
Vi søkjer ein tydeleg og inspirerande fagperson og spesialist som trivst med å ta ansvar for både menneske og resultat. Vi stiller høge krav til motivasjon, kompetanse, arbeidsmoral og etisk medvit. Du er genuint opptatt av å utvikle faget og samarbeid med interne og eksterne aktørar. Du er ein kulturbærar og du har evna
til å skape engasjement og gjennomføre nødvendige endringar. I ein hektisk kvardag har du evna til å bevare roen og ta ansvar for
organisering, prioritering og opplæring og instruksjon av eigne mannskapar og samarbeidsaktørar.
Dette må du ha for å være kvalifisert:
Dersom du har funksjonsnedsetting, innvandrarbakgrunn eller hol i CV-en, er det høve til å krysse av for dette i søknaden. Er du kvalifisert for stillinga, vil du bli vurdert for positiv særbehandling. Det inneber at minst éin søkjar frå kvar av desse gruppene blir innkalla til intervju.
Les meir om positiv særbehandling når ein søkjer jobb i staten her .
Opplysningane du gir, blir brukt til å utarbeide anonymisert statistikk som alle statlege verksemder rapporterer i sine årsrapportar.
Video: