Ph.d.-stipendiat i marin geomikrobiologi

Universitetet i Bergen

Bergen

Vor Ort

NOK 534.000 - 653.000

Vollzeit

Vor 3 Tagen
Sei unter den ersten Bewerbenden

Erhalte eine Antwort von diesem Arbeitgeber

Dein Lebenslauf und dein Anschreiben, genau auf das zugeschnitten, was gesucht wird.

Schaffe es an den ATS-Filtern vorbei

Benefits dieser Stelle

Stipendiatlønn 593700 NOK
Statens pensjonskasse
Gode velferdsordningar

Zusammenfassung

UiB skal vere blant Europas fremste universitet og leitar etter ein ph.d.-stipendiat i marin geomikrobiologi ved Institutt for geovitskap. Stillinga er eit treårig stipendiattiltak med moglegheit for eit fjerde år knytt til undervisning og forsking.

Støtta inkluderer ein brutto årsløn på kr. 593700, medlemsskap i Statens pensjonskasse og gode velferdsordningar. Søknadsfristen er ikkje oppgitt i tekst.

Qualifikationen

  • Mastergrad eller tilsvarande i geomikrobiologi eller nærliggande fagfelt.
  • Erfaring med molekylærmikrobiologiske metodar som DNA/RNA-ekstraksjon og sekvensering.
  • Erfaring med bioinformatikk og mikrobielle prosessar i sediment er fordel.

Aufgaben

  • Utvikle eksperimentelle oppsett in-situ for studiar.
  • Kombinere geokjemiske målingar med molekylærmikrobiologi og bioinformatikk.

Kenntnisse

Molekylærmikrobiologi
DNA/RNA-ekstraksjon
Sequencing
Bioinformatikk
Engelskkunnskapar

Ausbildung

Mastergrad i geomikrobiologi

Jobbeschreibung

UiB skal vere blant Europas fremste universitet, internasjonalt kjent for høg kvalitet i forsking og utdanning. Som samfunnsinstitusjon skal vi bidra til ei berekraftig og demokratisk utvikling og vere ein attraktiv og inkluderande studie- og arbeidsplass.

Video: https://youtu.be/M5n6RnScNgA

Ved Institutt for geovitskap er det ledig ei stilling som stipendiat i marin geomikrobiologi. Stillinga er for ein åremålsperiode på tre år, med høve til eit fjerde år som består av karrierefremjande arbeid (til dømes undervisning). Stillinga er finansiert av Universitetet i Bergen.

Som følgje av global oppvarming gjennomgår Polhavet store endringar, og desse endringane vil uunngåeleg påverke karbonfluksen mellom overflatevatnet og havbotnen. Dette vil i sin tur påverke aktiviteten til mikroorganismane som lever i sedimenta. Den mikrobielle aktiviteten regulerer dei geokjemiske fluksane inn i og ut av havbotnen, og er dermed ein viktig faktor i den globale fordelinga av grunnstoff. Kor store desse endringane er, og kva konsekvensar dei vil få på kort og lang sikt, er likevel ikkje kjent.

Målet ditt som stipendiat vil vere å bidra til å talfeste kortsiktige og langsiktige effektar av variabel tilførsel av organisk karbon på mikrobiell aktivitet og mangfald i arktiske sediment. For å nå dette målet skal du utvikle eksperimentelle oppsett in-situ og kombinere geokjemiske målingar med molekylærmikrobiologiske metodar og bioinformatikk.

Stillinga er knytt til Polhavet2050, eit stort, tverrfagleg norsk forskingsprogram med ei varigheit på ti år, oppretta i 2026. Programmet samlar 18 norske forskingsinstitusjonar med mål om å forstå notida og framtida til Polhavet. Som stipendiat ved Institutt for geovitskap, Universitetet i Bergen, vil du òg vere knytt til Senter for djuphavsforsking og forskingsgruppa Geokjemi og geobiologi.

Det er venta at kandidaten deltek på eitt eller fleire forskingstokt i løpet av prosjektperioden.

Kvalifikasjonar og eigenskapar:
  • Søkjarar må ha oppnådd mastergrad eller tilsvarande utdanning i geomikrobiologi eller eit tilgrensande fagfelt. Masterstudentar kan søkje dersom dei fullførar den endelege mastereksamen før 01.01.2027. Det er ein føresetnad at mastergraden er oppnådd før tilsetjing kan skje.
  • Erfaring med molekylærmikrobiologiske metodar, t.d. DNA/RNA-ekstraksjon og sekvensering, og/eller bioinformatikk er eit krav.
  • Erfaring med mikrobielle prosessar i sediment er ein fordel.
  • Erfaring med geokjemisk modellering er ein fordel.
  • Erfaring frå forskingstokt er ein fordel.
  • Søkjarar må kunne arbeide sjølvstendig og strukturert og ha godesamarbeidsevner.
  • Søkjarar må vere motiverte for mobilitet og må kunne flytte til Noreg innan tiltredingsdatoen.
  • Søkjarar må ha gode skriftlege og munnlege engelskkunnskapar.

Personlege og mellommenneskelege eigenskapar vil bli lagt vekt på. Forskingserfaring, ambisjonar og potensial vil også telje ved vurdering av kandidatane.

Særeigne krav for stillinga

UiB er underlagd regelverket for eksportkontroll og regelverket gjeld ved behandling av søknadar til stillinga.

For stillinga gjeldt følgande:
Om stillinga som ph.d.-stipendiat

Stipendperioden er på tre år, med opning for eit fjerde år avhengig av kandidaten sine kvalifikasjonar og instituttet sitt behov for undervisning, og vert avgjort av instituttleiar ved tilsetjing. Dersom eit fjerde år blir bestemt, vil éitt årsverk som består av karrierefremmande arbeid knytt til undervisning, formidling og forskingsinfrastruktur/tenester, bli fordelt over den samla tilsetjingsperioden og slik tilsvare 25 % av tida kvart år.

Om du tidlegare har vore tilsett i rekrutteringsstilling (stipendiat, vitskapleg assistent eller liknande), kan det bli gjort frådrag i tilsetjingsperioden.

Om forskarutdanninga

Som ph.d.-stipendiat skal du delta i eit godkjent utdanningsprogram for ein ph.d.- grad innanfor ei tidsramme på tre år. Frist for å søkje om opptak til ph.d.-programmet ved Fakultet for naturvitenskap og teknologi er to månadar etter tiltreding i stillinga eller etter oppstart av det forskingsprosjektet som skal leie fram til ph.d.-graden. Det er ein føresetnad at du fyller krava for opptak til ph.d.- studiet ved Universitetet i Bergen.

Vi tilbyr:
  • Eit godt og fagleg stimulerande arbeidsmiljø.
  • Løn som stipendiat (kode 1017) i samsvar med det statlege lønsregulativet. Dette utgjer ei brutto årsløn på kr. 593700.Vidare opprykk skjer etter stillingsansiennitet.
  • Medlemskap i Statens pensjonskasse
  • Gode velferdsordningar
Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til førsteamanuensis Steffen Leth Jørgensen, Senter for dyphavsforskning, Institutt for geovitenskap, e-post: steffen.jorgensen@uib.no , telefon: +47 41 62 60 55 eller professor Ingunn H Thorseth, Senter for dyphavsforskning, Institutt for geovitenskap, e-post: Ingunn.thorseth@uib.no .

For HR-relaterte spørsmål ta kontakt med HR-rådgjevar Mathilde Høgalmen, e-post: Mathilde.Hogalmen@uib.no .

Mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre. UiB treng difor kvalifiserte medarbeidarar uavhengig av kjønn, etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsetjing, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og alder.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Vi oppmodar søkjarar med funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hól i CV-en til å søke. Dersom du kryssar av for dette i søknaden kan du bli positivt særbehandla. Vi inviterer alltid minst ein kvalifisert søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju.

Nærare om tilsettingsprosessen her .

Livet som ph.d.-kandidat ved UiB

Astrid Nybø forteller om livet og arbeidshverdagen som ph.d.-kandidat ved UiB.

Video: https://www.youtube.com/watch?v=Eo3Z63yzkKA&list=PLf8ZIYfAO0qjhROTj6SthDbSScg0lSO6G&index=5

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.

Hol dir deinen kostenlosen, vertraulichen Lebenslauf-Check.

oder ziehe deine Datei hierhin.

Similar jobs

Ähnliche Jobs, die dir auch gefallen könnten

Ph.d.-stipendiat i kvartærgeologi og paleoklima
Ph.d.-stipendiat i kvartærgeologi og paleoklima

Universitetet i Bergen • Bergen

Vor Ort
NOK 505.000 - 683.000
Løn som stipendiat (kode 1017)
Medlemskap i Statens pensjonskasse
Gode velferdsordningar
Stipendiat i anvend og berekningsorientert matematikk
Stipendiat i anvend og berekningsorientert matematikk

Universitetet i Bergen • Bergen

Vor Ort
NOK 534.000 - 653.000
Statens pensjonskasse
Gode velferdsordningar
Utvikling av arbeidsoppgåver i sterktF
Ph.d.-stipendiat knytt til kvalitetsfremjande tiltak i matematikkundervisninga
Ph.d.-stipendiat knytt til kvalitetsfremjande tiltak i matematikkundervisninga

Universitetet i Bergen • Bergen

Hybrid
NOK 534.000 - 653.000
Ph.d.-stipendiat knytt til kvalitetsfremjande tiltak i matematikkundervisninga
Ph.d.-stipendiat knytt til kvalitetsfremjande tiltak i matematikkundervisninga

Karoline Christiansen • Bergen

Vor Ort
NOK 534.000 - 653.000
Statens pensjonskasse
Stilling som stipendiat (1017)
Stipendiat i anvend og berekningsorientert matematikk
Stipendiat i anvend og berekningsorientert matematikk

Karoline Christiansen • Bergen

Vor Ort
NOK 534.000 - 653.000
Stipendiatlønn (1017)
Medlem i Statens pensjonskasse
Gode velferdsordningar
Stipendiat ved Klinisk institutt 1
Stipendiat ved Klinisk institutt 1

Universitetet i Bergen • Bergen

Vor Ort
NOK 600.000 - 635.000
Statens pensjonskasse
Gode velferdsordningar
Stipendiat ved Klinisk institutt 1
Stipendiat ved Klinisk institutt 1

Kompetansekart • Bergen

Hybrid
NOK 600.000 - 635.000
Spanande og utviklande arbeidsoppgåver
Medlemsskap i Statens pensjonskasse
Gode velferdsordningar
Postdoktor i modellering av kopla geodynamikk – glasial erosjon
Postdoktor i modellering av kopla geodynamikk – glasial erosjon

Arbeidsplassen • Bergen

Vor Ort
NOK 650.000 - 720.000
Statens pensjonskasse
Gode velferdsordningar
Postdoktorlønn
Stipendiat ved Klinisk institutt 1
Stipendiat ved Klinisk institutt 1

Stipendiat • Bergen

Vor Ort
NOK 600.000 - 635.000
Medlemsskap i Statens pensjonskasse
Gode velferdsordningar
Rådgjevar/administrativ koordinator ved Institutt for geovitenskap
Rådgjevar/administrativ koordinator ved Institutt for geovitenskap

Universitetet i Bergen • Bergen

Vor Ort
NOK 642.000 - 700.000
Medlemsskap i Statens pensjonskasse
Gode velferdsordningar