Enable job alerts via email!
En landsdekkende bistandsorganisasjon søker etter en personlig ingeniør/assistent i Hjørungavåg for å gi støtte i dagliglivet. Stillingen er deltid (50-80 %) og inkluderer oppgaver som assistanse med aktiviteter, personlig hygiene, og kjøring. Du må være tilpasningsdyktig, serviceinnstilt og ha førerkort klasse B. Opplæring gis underveis.
Stilling: Personleg ingeniør / assistent i Hjørungavåg, Hareid frå august 2024
Ordning: BPA ordning
Stillingstyper: Ordinær assistent
Omfang: 18 timar per veke
Arbeidsstad: Hjørungavåg
Eg søkjer etter ein til to supergode personlege ingeniørar / assistentar. Stillingsstorleik er 50 - 80 %.
Arbeidet er avansert, då det mellom anna inneber veldig stor grad av tilpassing, stor grad av forståing og stor grad av innleving. Det er på grunn av at eg snakkar eit språk med både ord og teikn, eg ser ikkje og eg har mange vanskelege helsemessige utfordringar. Nokre av dei helsemessige utfordringane går i syklus, og påverkar all funksjon som somn, kommunikasjon, energinivå / stressnivå og generell funksjon. Syklusen innebera til tider mykje smerte og ubehag i nokon fasar av syklusen, og i andre fasar er eg veldig avslappa og i god form. Eg treng assistanse i alle dagleglivets situasjonar, frå morgon til kveld, og om natta. Det omfattar å assistere ved kommunikasjon - pga bruk av "eige språk", mobilitet / ledsaging - pga synshemming, måltid, bruk av tekniske hjelpemiddel som data og telefon, personleg hygiene, bilkøyring, deltaking i samfunnslivet, husarbeid - generell tilrettelegging av og for livet.
Kvalifikasjonar er at du er tilpasningsdyktig, at du er positiv og glad, at du kan ta i mot stor grad av vegleiing, at du er fleksibel i forhold til arbeidstid, at du er serviceinnstilt, ansvarsfull, til å stole på, punktleg og påliteleg, ryddig, tolmodig, løysingsorientert og har god evne til samhandling og kommunikasjon. Personlege eigenskapar vil bli vektlagt. Du må kunne godt norsk, både munnleg og skriftleg. Førarkort klasse B er nødvendig.
Personleg assistent er eit service-yrke, og du får all den opplæringa du treng heile vegen.
Tilsetting skjer gjennom Uloba, eit landsdekkande andelslag som er eigd og drive av folk med nedsett funksjon. Uloba er basert på ideala til Independent Living-bevegelsen. Meir om å vere medlekar / personleg assistent finn du på uloba.no.
Opplæringa som vert gjeven er omfattande. Og det er vidare tett oppfølging av assistansen i det daglege av arbeidsleiar.
Arbeidstid er hovudsakleg dag og kveld, natt og helg.
Arbeidsstad er i Hjørungavåg i Hareid kommune.
Søknad med referansar og CV kan sendast på e-post eller til:
Anne-Marie Saunes Overå, Ovravegen 43, 6063 HJØRUNGAVÅG
Fungerande arbeidsleiar / medarbeidsleiar: Anne-Marie Saunes Overå