Enable job alerts via email!
En kommune søker en brukarstyrt personlig assistent i Aurland. Stillingen er på 80% med varierte oppgaver som inkluderer daglig assistanse og sosial deltagelse for brukeren. Erfaring innen helse og omsorg er ønskelig, og du må kunne kommunisere godt på norsk. Gode arbeidsvilkår med pensjonsordninger, treningstilgang, og et hyggelig arbeidsmiljø tilbys.
Me har ledig 80% fast stillingsom brukarstyrt personleg assistent, og 60 % vikariat frå 11.08.2025.
Stillinga er til ein mann med behov for assistanse i kvardagen. Det er til saman fire personlege assistentar i dette tiltaket. Brukaren bur i eige husvære saman med familien, og nyttar ei helg i månaden i avlastingsbustad. I arbeidet som personleg assistent får du høve til å gjere ein stor forskjell for eit anna menneske. Jobben er variert og gjevande, med gode vilkår.
Personleg assistanse er organisert under kommunalområde helse og omsorg, avdeling bu og miljø. Bu- og miljø vart oppretta i 2018. Det er om lag 30 tilsette ved avdelinga.
Me gir omsorg og oppfylging til brukarar med ulike behov. Meistring av kvardagslege aktivitetar og sosial deltaking står i fokus. Me jobbar aktivt for å sikre fagleg kvalitet og gode tenester. Tenester som heildøgns omsorg i bu- og fellesskap, brukarstyrt personleg assistent (BPA), avlasting, støttekontakt og omsorgsstønad ligg til eininga. Me har også ansvar for å bygge opp aktivitetstilbod til målgruppa.
Me har høgt fokus på fagutvikling, og jobbar aktivt for å sikre gode tenester.
Me ynskjer at du er ein ressurs og ein god samtalepartnar. Du vil vere ein del av kvardagen til brukaren og delta i aktivitetar og i sosiale samanhengar etter ynskje frå brukaren.
Han treng også hjelp til:
Sjå gjerne informasjonsbrosjyre om kommunen vår her.
Me vil vektlegge gode samarbeidsevner og desse personlege eigenskapane:
Vi ser etter deg som er fleksibel, omsorgsfull, tolmodig, som ynskjer å gjere ein forskjell, og ha eit grunnleggande ynskje om å bidra til å gjere andre sin kvardag betre.
Verdiane våre er: L-Æ-R, som står for Likeverd, Ærlegdom og Respekt.
Turnusen er delt opp med dagvakter og seinvakter. Det kan også vere aktuelt med helg m/døgnvakt. Det kan vere moglegheit for å slå saman vakter slik at ein kan jobbe langvakter i vekedagar. Det kan også leggast til rette for korte vakter på helg om dette er ynskjeleg.
Du bør kommunisere godt på norsk, både munnleg og skriftleg. Aurland kommune nyttar nynorsk som målform.
Aurland kommune praktiserer meiroffentlegheit og kunngjer forenkla søkjarlister til ledige stillingar. Søkjarar, som har oppmoda om at namnet blir unnateke søkjarlista, må krysse av for dette og grunngje valet i søknadsteksten. Metodekontakt med søkjarar som har bedt om dette, dersom me meiner at grunngjevinga ikkje er tilstrekkeleg.
Mangfald kan gje oss eit breiare perspektiv. Medarbeidarar med ulik livserfaring og fagkombinasjonar kan gi oss betre løysingar. Me oppfordrar derfor alle til å søke jobb utan omsyn til alder, kjønn, funksjonsevne eller etnisk bakgrunn. Du er også velkomen til å søke sjølv om du ikkje kan syne til ei samanhengande yrkeskarriere.
Me ynskjer deg velkomen som arbeidssøkar i Aurland kommune.
NB! Me overfører tilsette direkte til lønsystemet vårt, det er difor veldig viktig at du skriv namnet ditt slik det er registrert i folkeregisteret når du søker stilling, samt at du skriv med stor forbokstav.