Don’t send a generic resume — generate a resume and cover letter tailored to this exact role.
Pasientkoordinator ved Poliklinikk barn og ungdom i Volda og Ålesund søkjer etter ein engasjert og strukturert fagperson som vil koordinere pasientflyt, ventelister og elektronisk post. Tilsettingsform er vikariat, med 80% stilling.
Arbeidet krev god norsk skriftleg og munnleg, samt erfaring frå helseverksemd og god innsikt i pasientflyt i sjukehus. Arbeidet vert utført ved Ålesund Sykehus.
Er du ein innovativ og utviklingsorientert pasientkoordinator som er engasjert i kvalitetsforbetring, digitalisering og vidareutvikling av framtidas polikliniske tenester? Då kan kanskje denne stillinga vere noko for deg!
Vi har nemleg no ledig eit 80% vikariat som pasientkoordinator ved Poliklinikk barn og ungdom Volda og Ålesund. Oppstart etter avtale fram til 1.februar 2026.
Søknadsfrist 20.09.2026
Arbeidsgivar Helse Møre og Romsdal HF
Stad Ålesund
Stillingstittel Pasientkoordinator
Stillingar 1
Heiltid / Deltid Deltid
Tilsetjingsform Vikariat
Stillingsprosent 80
Adresse: Ålesund Sykehus, Åsehaugen 5, 6017 Ålesund, Norge
Ingvill Hareide
Seksjonsleiar
E-post: Ingvill.Hareide@helse-mr.no
Vil du gjere ein forskjell? Vi i Helse Møre og Romsdal (HMR) gir spesialisthelsetenester til alle innbyggjarane i fylket. Med våre omlag 6500 tilsette er vi ein skapande og nytenkande organisasjon som kvar dag står på for at pasientane skal få best mogleg helsetenester. Vi har ei leiande rolle innan forsking og utdanning, og har sterke fagmiljø knytt til teknisk drift, økonomi og HR. Akuttsjukehusa i HMR er i Volda, Ålesund, og på Hjelset i Molde kommune. I SNR Kristiansund vert det vidare eit breidt spesialisthelsetenestetilbod med poliklinikk, dagbehandling og dagkirurgi. I tillegg har vi behandlingsinstitusjonar innan psykisk helsevern og rusbehandling. Det vert lagt til rette for gode og inkluderande arbeidsmiljø prega av openheit og respekt. Vi vil at våre tilsette skal spegle mangfaldet i befolkninga. Difor oppmodar vi alle som er kvalifiserte til å søkje hos oss, uavhengig av kjønn, alder, funksjonshemming, nasjonal eller etnisk bakgrunn. Det same gjeld om du har hatt eit lengre opphald i arbeidslivet. Helse Møre og Romsdal er underlagt offentleglova. Vi arbeidar for meiroffentlegheit, og søkarlista til stillinga kan bli offentleggjort. Ein kan be om unntak fra offentleg søkarliste. Unntak skal grunngjevast frå søkar si side. Arbeidsgivar vil vurdere ei slik oppmoding, og søkar vert kontakta om oppmodinga ikkje vert tatt til følgje.
Uansett kva stilling du vert tilsett i, så skal vi bidra til at du får utvikle deg og kompetansen din. Bli med på laget! For meir informasjon om helseføretaket, sjå Helse Møre og Romsdal