Get a reply from this employer
Your resume and cover letter, tailored to exactly what they’re hiring for.
Fjord1 søker erfaren dekkssjef til MF Nordfjord. Du blir nøkkel i trygg og effektiv drift av fartøyet, med ansvar for dekksavdelinga og samarbeid i maritimt team.
Vi tilbyr konkurransedyktige vilkår, gode pensjonsordningar og moglegheit for bustad i nærliggande område. Søkjarar vert vurdert fortløpande og med fokus på sjølvstendig og koordinert leiing.
Vi ser etter ein overstyrmann til vår ferge MF Nordfjord. Vil du bli ein del av eit dyktig og engasjert team?
Vi tilbyr konkurransedyktige vilkår og gode pensjonsordningar.Gode velferdsordningar med m.a leilegheit i Bergen, Oslo, Voss m.m.
Jobben er fagleg utfordrande og meiningsfull. Her bidrar du til at lokalsamfunnet går rundt. Fjord1 er eit framtidsretta selskap med fokus på miljø og teknologi. MF Nordfjord er eit fartøy som viser gode resultat tilknytta HMS og generelle måltal. Vi treng no forsterkninger som kan bidra til det gode arbeidet om bord.
Turnus gjer at ein bør bu innenfor rimelig avstand fra Askvoll. Ta kontakt ved spørsmål.
Fjord1 er Noregs leiande ferjeselskap og ein pådrivar i den grøne omstillinga av maritim transport. Vi har ei topp moderne flåte og satsar på verdsleiande teknologi med nullutslepp og ny infrastruktur som sentrale fokusområde. Gjennom kontinuerleg utvikling av både nye og eksisterande fartøy bidreg vi til å forme framtida for kollektivtransport langs norskekysten.
Fjord1 er ein stor kompetansearbeidsplass, både på land og til sjøs, med eit breitt spekter av stillingar innan blant anna operativ drift, teknologi, innovasjon og miljø. Vi ser stadig etter nye medarbeidarar med relevant kompetanse og legg stor vekt på å utvikle eigne tilsette gjennom målretta kompetansebygging og interne karrieremoglegheiter.
Med kontor i Florø, Bergen og Molde, og over 1100 tilsette, tilbyr vi ein spennande arbeidskvardag i eit framoverlent selskap med store ambisjonar for framtida.