Get a reply from this employer
Your resume and cover letter, tailored to exactly what they’re hiring for.
Fjord1 AS søker ein erfaren dekkssjef/overstyrmann til sambandet Måløy-Oldeide, om bord på MF Hornelen. Du blir kapteinens stedfortredar og har ansvar for dekksavdelinga, navigasjonsutstyr og operativ leiing for sikker og effektiv framføring.
Engasjementet går frå desember til april med moglegheit for forlenging. Turnus er døgnskift med langhelg; kandidatar må bu lokalt og kontakt blir fortløpande.
Fjord1 har no ei ledig engasjement som dekkssjef/overstyrmann i sambandet Måløy-Oldeide, p.t. MF Hornelen
Som dekkssjef vil du ha ei sentral rolle om bord, med ansvar for dekksavdelinga, navigasjonsutstyr og operativ leiing. Du vil vere kapteinens stedfortredar og bidra til at drifta går trygt, effektivt og i tråd med gjeldande regelverk og beste praksis. Arbeid om bord gir brei erfaring med manøvrering til og frå kai under utfordrande værforhold, stor trafikk og høgt tempo. Denne kombinasjonen gjer at ein utviklar verdifull kompetanse i samarbeid, raske vurderingar og trygg handtering under press - erfaringer som er nyttig i vidare arbeid til sjøs.
Engasjementet går frå desember til april, med moglegheit til forlenging ved behov.
Turnus: døgnskift med langhelg.
Aktuelle kandidatar blir kontakta fortløpande.
Søkjar må bu lokalt.
Søknadsfrist:
Måløy
Dekkssjef/overstyrmann i sambandet Måløy-Oldeide, p.t. MF Hornelen
Vi ser etter ein dyktig dekkssjef/overstyrmann med forståing for sikker navigasjon, operativ leiing og samarbeid i maritime team. Du må kunne handtere krevande situasjoner med ro og handlekraft, ha god kjennskap til relevante forskrifter og bidra til å sikre trygg og effektiv drift av fartøyet. Om desse eigenskapane beskriv deg, tek vi med glede imot din søknad.
Ute på kysten og inne i fjordane skjer det noko kvar dag. Folk skal fram. Varer skal fram. Samfunn skal fungere. Vi i Fjord1 er ein stolt del av dette. Kvar dag sørger vi for trygge, stabile og stadig meir berekraftige samband – mellom menneske og stader, mellom by og land.Vi kan ferje. Hurtigbåt. Reiseliv. Og ja – vi kan kiosk og svele òg!
Hos oss blir du ein del av eit stort og dyktig fagmiljø der ansvar, samarbeid og stoltheit står sterkt, enten du jobbar på sjøen, i byggjetilsyn, på kontoret eller i kontrollsenteret.
Fjord1 har lenge vore ein pådrivar i det grøne skiftet i den maritime næringa. No treng vi fleire som vil vere med å tenke nytt, lære og utvikle seg saman med oss. Her får du påverke, bidra og vekse. Vi heiar på initiativ, utvikling og mangfald.
Med ei lang stolt historie langs kysten og kontor i Florø, Bergen og Molde er vi tett på både naturen, lokalsamfunna og oppgåvene våre. Saman med over 1100 kollegaer har vi ein arbeidsplass prega av tillit, innovasjon og moglegheiter.