Una candidatura completa in un minuto
Curriculum e lettera di presentazione personalizzati, pronti da inviare.
Helse Møre og Romsdal HF i Molde søkjer overlege i psykiatri for fast tilsetjing ved Døgnbehandling psykisk helse DPS Molde. Seksjonen har 16 plassar og eit breitt tilbod innan vaksenpsykiatri, i tett samarbeid med kommunale tenester og pårørende.
Stillinga krev norsk autorisasjon, spesialisert psykiatri og solid klinisk erfaring. 100% stilling, tilsetjing som fast, søknadsfrist 01.12.2026, arbeidsstad Molde.
Overlege psykiatri Døgnbehandling psykisk helse DPS Molde, Helse Møre og Romsdal HF
Vil du bli vår nye kollega?
Vi har ledig fast stilling for overlege i psykiatri frå snarast.
Døgnbehandling psykisk helse DPS Molde er ein vaksenpsykiatrisk døgnseksjon med 16 plassar der 2 plassar er brukarstyrte. Seksjonen har ei rekke gruppetilbod for både inneliggande og polikliniske pasientar. Vi tilstreber å ha fokus på verdibasert behandling for pasientane våre og arbeider med å implementere dette i seksjonen. Samhandling med pasient, pårørande, interne og eksterne samarbeidspartnarar er viktig i pasientforløpet.
Vi har 2 overlegestillingar, 2 psykologspesialiststillingar, fysioterapeut, 1 sosionom, 4 LIS, sjukepleiarar, vernepleiarar og hjelpepleiarar jobbar miljøterapeutisk i tett samarbeid med behandlarpersonell. Vi er tverrfagleg samansatt og tilstreber ein høg fagleg profil. Vi har eit eineståande arbeidsmiljø, og dette gjenspeiler heile seksjonen og behandlinga som vi tilbyr pasientane våre.
Vi gler oss til å møte deg som skal bli vår nye kollega! Ta kontakt med seksjonsleiar for nærmare informasjon.
Søknadsfrist 01.12.2026
Arbeidsgivar Helse Møre og Romsdal HF
Stad MOLDE
Stillingstittel Overlege psykiatri
Stillingar 1
Heiltid / Deltid Heiltid
Tilsetjingsform Fast
Stillingsprosent 100
Molde er rosens, jazzens og kulturens by, og ikkje minst eit eldorado for fjellturer, alpint, klatring, golf, seiling og padling. Byen er barnevennleg med nærleik til skule, barnehage og fritidstilbod. Vi har fleire daglege flyavgangar til Oslo og internasjonale ruter. Molde by fornyar seg med m.a. ny sjøfront og fleire spennande kaféer og spisestader. Les meir om Molde og Romsdalen her
Vil du gjere ein forskjell? Vi i Helse Møre og Romsdal (HMR) gir spesialisthelsetenester til alle innbyggjarane i fylket. Med våre omlag 6500 tilsette er vi ein skapande og nytenkande organisasjon som kvar dag står på for at pasientane skal få best mogleg helsetenester. Vi har ei leiande rolle innan forsking og utdanning, og har sterke fagmiljø knytt til teknisk drift, økonomi og HR. Akuttsjukehusa i HMR er i Volda, Ålesund, og på Hjelset i Molde kommune. I SNR Kristiansund vert det vidare eit breidt spesialisthelsetenestetilbod med poliklinikk, dagbehandling og dagkirurgi. I tillegg har vi behandlingsinstitusjonar innan psykisk helsevern og rusbehandling. Det vert lagt til rette for gode og inkluderande arbeidsmiljø prega av openheit og respekt. Vi vil at våre tilsette skal spegle mangfaldet i befolkninga. Difor oppmodar vi alle som er kvalifiserte til å søkje hos oss, uavhengig av kjønn, alder, funksjonshemming, nasjonal og etnisk bakgrunn. Det same gjeld om du har hatt eit lengre opphald i arbeidslivet. Helse Møre og Romsdal er underlagt offentleglova. Vi arbeidar for meiroffentlegheit, og søkarlista til stillinga kan bli offentleggjort. Ein kan be om unntak fra søkar si side. Unntak skal grunngjevast frå søkar si side.
Tør Nygaard
Avdelingssjef
E-post: Tor.nygaard@helse-mr.no
Adresse: Nøisomhedvegen 12, 6416 MOLDE, Norge