Get a reply from this employer
Your resume and cover letter, tailored to exactly what they’re hiring for.
Helse Førde i Førde søkjer ein overlege i onkologi til kreftavdelinga. 100% vikariat med moglegheit for fast tilsetting etter vikariatet og startdato 01.02.2027.
Avdelinga har 10 senger, doktorar, sjukehus, forskingsmiljø og deltaking i kliniske studiar. Arbeidsoppgåver inkluderer medisinsk onkologisk behandling og oppfølging, rettleiing og undervisning, tilsyn ved henvisningar, rullering mellom sengepost og poliklinikk.
Onkolog i Førde - bli del at eit fagmiljø i vekst ogutvikling.
Kreftavdelinga ved Førde sentralsjukehus har ledig100% vikariat som overlege innen onkologi. Det er mogleg å få fast tilsetting etter endt vikariat.
Kreftbehandlinga er i rask utvikling, og vi ønskjer å vere med i denne utviklinga ved å auke ressursane våre innenfor onkologi. Vi er eit ungt og utviklingsorientert fagmiljø med engasjerte legar, sjukepleiarar og sekretærar. Vi har sterkt fokus på samarbeid, trygge og gode pasientforløp.
Avdelinga er organisert under Medisinsk klinikk og består av sengepost med 10 senger innen onkologi, hematologi og palliasjon, i tillegg til poliklinisk verksemd. Avdelinga har ansvar for store deler av medikamentelt retta behandling til den vaksne befolkinga i Sogn og Fjordane med ca 110 000 innbyggjarar.
Vi har idag åtte overlegestillingar fordelt på tre onkologar, fire hematologar og ein overlege innan palliasjon, samt fem legar i spesialisering. Stillinga inngår i ei 6-delt vaktordning: kl 16:00 - 19:00 på kvardagar, og kl 09:00 - 14:00 på helg- og høgtidsdagar.
Kreftavdelinga i Helse Førde har eit sterkt forskingsmiljø med mange moglegheiter for tilsette. Avdelinga deltek i fleire nasjonale og internasjonale kliniske studiar, og har også eigne studiar som blir leia av overlegar og forskarar i avdelinga. Fokuset i studia ligg i stor grad på å forbetre tilpassa/personsentrert behandling. Det er mogleg å delta i forskingsprosjekt og fleire overlegar og sjukepleiarar har doktorgrad eller tek doktorgrad ved sida av klinisk arbeid.
Frå 2028 skal Helse Førde også få medisinstudentar som ein del av «Vestlandslegen». Det vil då vere mogleg å bidra i undervisning eller opplæring.
Svanehaugvegen 2
6812Førde
Arbeidsgiver: Helse Førde
Referansenr.: 5207626900
Stillingsprosent: 100%
Vikariat
Startdato: 01.02.2027
Sluttdato: 31.01.2028
Søknadsfrist: 24.11.2026