Una candidatura completa in un minuto
Curriculum e lettera di presentazione personalizzati, pronti da inviare.
Haugesund sjukehus søkjer lege i pediatri til Barne- og ungdomsavdelinga. LIS1 eller tilsvarande er krav, og Norsk autorisasjon som lege er påkrevd. Du må ha gode norskkunnskapar både munnleg og skriftleg og kunne arbeide i eit tverrfagleg fagmiljø.
Fast, heiltidsstilling 100% der du blir ein del av ei avdeling som behandlar barn ved sengeeining, nyfødtintensiv og barnepoliklinikken i Haugesund. Oppstart etter avtale, undervisning og delt tenesteplan inngår i stillinga.
Vil du vere med på ein jobb der ingen dagar er like, og der du kan skape tryggleik, glede og gode augeblikk for barn og unge?
Ein av våre LIS3 er no klar for nye utfordringar og vi søkjerno ein ny kollega som ønsker å spesialisere seg i barnesjukdomar (pediatri).
Hos oss finn du dyktige kollegaer, mykje humor og ein felles engasjement for å gi dei minste pasientane våre den beste omsorga. Saman skaper vi både tryggleik og minnerike augeblikk – bli med oss då vel!
Avdelinga omfattar barnepoliklinikk i Haugesund og på Stord, nyfødtintensiv eining, barnesengeeining og Familieambulatoriet. Vi har for tida ni overlegestillingar og sju legar i spesialisering.
Du må ha:
Oppstartsdato etter avtale.
Du må ha:
Vi ser etter deg som:
Personlege eigenskapar blir vektlagde.
Anne Margrethe Øritzland, Avdelingsleiar, barne- og ungdomsavdelinga, 91875039, anne.margrethe.oritzland@helse-fonna.no
Karmsundgata 120
5528HAUGESUND
Arbeidsgivar: Helse Fonna HF
Referansenr.: 5198340157
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 15.11.2026
Avdelingsleiar, barne- og ungdomsavdelinga
Helse Fonna har rundt 4200 medarbeidarar som jobbar for å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane. Vår oppgåve er å gi spesialiserte helsetenester til dei over 180 000 innbyggarane i Sunnhordland, Indre Hardanger og Nord-Rogaland.
Helse Fonna ønsker så langt som råd å avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.