Get a reply from this employer
Your resume and cover letter, tailored to exactly what they’re hiring for.
Helse Fonna HF i Haugesund søker en fagperson til Familieambulatoriet som følger gravide og familiar med barn fra graviditet til skolealder. Du blir del av eit tverrfagleg team og arbeider med koordineringshjælp, barneundersøkingar i samarbeid med lege og psykolog, og kontakt med relevante instansar.
Stillingen krev høgskuleutdanning innan helse/sosial/pedagogikk, god norsk skriftleg og munnleg. Arbeidsstad er Karmsundgata 120, Haugesund, med 100% stilling og ambulerant verksemd innan krav til
Vil du vere med og gjere ein forskjell for både små og store – heilt frå starten av livet?
I Familieambulatoriet på Haugesund sjukehus jobbar vi for å gi god støtte til gravide og småbarnsfamiliar som står i ekstra krevjande livssituasjonar. No ser vi etter ein ny kollega som vil vere med oss i dette viktige arbeidet.
Hos oss møter du eit tverrfagleg team med stort engasjement og fagleg tyngde – og ikkje minst: kollegaer som ser kvarandre, løftar kvarandre og har det fint saman på jobb.
Vi gir eit lågterskeltilbod til familiar der ein eller begge foreldre har utfordringar knytte til psykisk helse og/eller rus. Vi følgjer familien fra graviditet og heilt til barnet er seks år – og vi er med på å koordinere hjelpa som trengst i kommune- og spesialisttenesta. Det må påreknast noko ambulant verksemd.
Du blir ein del av ein inkluderande arbeidskvardag med relasjonsbygging, familie- og nettverksarbeid og rom for fagleg utvikling.
Vi håpar du har lyst til å bli ein del av laget vårt.
Her kan du lese meir om Familieambulatoriet
Vi ser etter deg som:
Personlege eigenskapar vil bli vektlagde.
Hos oss får du:
Kjersti Rikke Nygaard Bårdsen,Funksjonsleiar,Kjersti.Rikke.Nygaard.Bardsen@helse-fonna.no
Karmsundgata 120
5528HAUGESUND
Arbeidsgivar: Helse Fonna HF
Referansenr.: 5196239580
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 04.11.2026