Don’t send a generic resume — generate a resume and cover letter tailored to this exact role.
Helse Fonna HF søker ein overlege i nevrologi ved Nevrologisk avdeling i Haugesund. Stillinga er 100% fast, og arbeidshverdagen blandar klinisk arbeid på sengepost og poliklinikk med fagutvikling og undervisning.
Du får moglegheit til vidare fagleg utvikling, forsking og eventuelt subspesialisering. Ein variert kvardagsrutine og eit engasjert fagmiljø blir vektlagd, med støtte til vidare kompetanse og utvikling i roleg landskap på Haugalandet.
Vil du vere med og videreutvikle eit sterkt nevrologisk fagmiljø i vekst?
Ved Nevrologisk avdeling, Helse Fonna HF, har vi ledig fast 100 % stilling som overlege i nevrologi. Hos oss får du arbeide breitt innan nevrologifaget, i eit engasjert og kompetent fagmiljø med gode moglegheiter for fagleg utvikling, forsking og subspesialisering.
Hos oss får du ein variert arbeidskvardag der du kombinerer klinisk arbeid på sengepost og poliklinikk med fagutvikling, undervisning og samarbeid på tvers av fagområde.Arbeidsoppgåvene blir tilpassa kompetanse og interesseområde, og vi legg til rette for vidare fagleg utvikling.
Vi oppmodar også legar som er nær fullført spesialistutdanning til å søkje.
Vi ser etter ein overlege som
Personlege eigenskapar vil bli vektlagde.
Helse Fonna har rundt 4200 medarbeidarar som jobbar for å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane. Vår oppgåve er å gi spesialiserte helsetenester til dei over 180 000 innbyggarane i Sunnhordland, Indre Hardanger og Nord-Rogaland.
Helse Fonna ønsker så langt som råd å avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.