Don’t send a generic resume — generate a resume and cover letter tailored to this exact role.
Haugesund Sjukehus, under Helse Fonna, søkjer lege i spesialisering (LIS 3) ved Øre-Nese-Hals-avdelinga. Du har erfaring frå ØNH, og vil fullføre spesialiseringa i eit fagleg sterkt, inkluderande og utviklande miljø.
Du vil få variert arbeid med utgreiing og behandling, tett rettleiing og gode mogelegheiter til vidare fagleg utvikling i eit aktivt arbeidsmiljø. Kontakt avdelingsleiar Kenneth Kross ved spørsmål om stillinga.
Vi har ledig fast stilling som lege i spesialisering (LIS 3) ved Øre-Nese-Hals-avdelinga på Haugesund Sjukehus. Vi søkjer deg som allereie har erfaring innan ØNH-faget, og som ønskjer å fullføre spesialiseringa di i eit fagleg sterkt, inkluderande og utviklande miljø. Hos oss får du ein variert arbeidskvardag med spennande faglege utfordringar, tett rettleiing og gode moglegheiter til å fullføre spesialiseringa di i eit inkluderande og kompetent fagmiljø.
Ta gjerne kontakt med avdelingsleiar Kenneth Kross på telefon 41141637 dersom du har spørsmål om stillinga.
Helse Fonna har rundt 4200 medarbeidarar som jobbar for å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane. Vår oppgåve er å gi spesialiserte helsetenester til dei over 180 000 innbyggarane i Sunnhordland, Indre Hardanger og Nord-Rogaland.
Helse Fonna ønsker så langt som råd å avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.