An application made for this job — a tailored resume and cover letter that speak straight to the posting.
Nevrologisk avdeling ved Haugesund sjukehus hos Helse Fonna HF søker ein overlege i nevrologi for eit fast 100% stilling. Du vil arbeide breitt innan nevrologi, både på poliklinikk og sengepost, og få moglegheiter for fagleg utvikling og forsking.
Avdelinga gir eit engasjert fagmiljø, med fokus på slagbehandling og cerebrovaskulære sjukdomar, samt støttande tiltak for vidare spesialiseringsløp og fagutvikling.
Vil du vere med og vidareutvikle eit sterkt nevrologisk fagmiljø i vekst?
Ved Nevrologisk avdeling, Helse Fonna HF, har vi ledig fast 100 % stilling som overlege i nevrologi. Hos oss får du arbeide breitt innan nevrologifaget, i eit engasjert og kompetent fagmiljø med gode moglegheiter for fagleg utvikling, forsking og subspesialisering.
Nevrologisk seksjon er ein del av Medisinsk klinikk ved Haugesund sjukehus. Seksjonen omfattar poliklinikk, nevrofysiologisk laboratorium og sengepost med både generell nevrologi og slagbehandling. Vi har for tida åtte overlegar og ni LIS-legar. I 2027 flyttar sengeposten inn i heilt nye og moderne lokale i toppetasjen av sjukehuset sitt nybygg.
Hos oss får du ein variert arbeidskvardag der du kombinerer klinisk arbeid på sengepost og poliklinikk med fagutvikling, undervisning og samarbeid på tvers av fagområde.Arbeidsoppgåvene blir tilpassa kompetanse og interesseområde, og vi legg til rette for vidare fagleg utvikling.
Du vil mellom anna
Vi oppmodar også legar som er nær fullført spesialistutdanning til å søkje.
Vi ser etter ein overlege som
Personlege eigenskapar vil bli vektlagde.
Vi oppfordrer alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning fra Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Eirik Haavik,Avdelingsleiar,eirik.haavik@helse-fonna.no
Karmsundgata 120
5528HAUGESUND
Arbeidsgivar: Helse Fonna HF
Referansenr.: 5180453195
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 11.10.2026