A complete application in a minute
Tailored resume and cover letter, ready to send.
Helse Møre og Romsdal søker ein hudlege til vår dermatologi‑seksjon i Ålesund. Stillinga inneber variert arbeid, inkludert medisinsk behandling og potensielt mindre hudkirurgi, med vekt på pasientvelferd og fagleg utvikling.
Vi utviklar teledermatologi og behovsstyrt oppfølging, og seksjonen er godkjent som utdanningsinstitusjon. Arbeidet krev engasjement, evne til samarbeid og fokus på kvalitet i helsetilbodet.
Er du hudlege med eit brennande engasjement for faget, samtidig som du har lyst å vere med å utvikle framtidas helseteneste for desse pasientane? Da ønsker vi å ha med nettopp DEG på med laget!
Seksjonen jobber framtidsretta og ser m.a. på korleis teknologi kan hjelpe oss å utvikle tenestene våre. Vi har innført teledermatologi og behovsstyrt oppfølging av utvalgte pasientgrupper. Helse Møre og Romsdal HF har hudpoliklinikk både i Kristiansund og Ålesund med tilsaman 5 hjemlar for overlege innan hud og venerologi. Da vi opplever stor pågang av henvisningar, har vi behov for å opprettholde kapasiteten vår. Vi søker deg som ønsker ein variert og utfordrande kvardag i eit spennande fagfelt, og som vil vere med å utvikle hud og venerologi-faget saman med gode og engasjerte kollegaer. Seksjonen er godkjent som utdanningsinstitusjon innan dermatologi. Vi har almenn dermatologi og utfører mindre hudkirurgiske inngrep. Seksjonen har ingen senger i sengepost, og har ikkje vaktberedskap.
Å vere personleg eigna vert vektlagt ved tilsetting.
Ålesund er kåra til den vakraste byen i Norge. Ålesund sin vakre Jugendstilarkitektur er viden kjent. Eit mangfald av tårn, spir og vakre utsmykkingar er som teken ut av eit eventyr. Byen og omlandet har eit særs rikt kultur- og konsertliv med nasjonale og internasjonale artistar. Du kan og oppleve eit mangfold av fjordar, øyer og fjell som ventar på å få begeistre deg. Les meir om Ålesund og omland her .
Vil du gjere ein forskjell? Vi i Helse Møre og Romsdal (HMR) gir spesialisthelsetenester til alle innbyggjarane i fylket. Med våre omlag 6500 tilsette er vi ein skapande og nytenkande organisasjon som kvar dag står på for at pasientane skal få best mogleg helsetenester. Vi har ei leiande rolle innan forsking og utdanning, og har sterke fagmiljø knytt til teknisk drift, økonomi og HR. Akuttsjukehusa i HMR er i Volda, Ålesund, og på Hjelset i Molde kommune. I SNR Kristiansund vert det vidare eit breidt spesialisthelsetenestetilbod med poliklinikk, dagbehandling og dagkirurgi. I tillegg har vi behandlingsinstitusjonar innan psykisk helsevern og rusbehandling. Det vert lagt til rette for gode og inkluderande arbeidsmiljø prega av openheit og respekt. Vi vil at våre tilsette skal spegle mangfaldet i befolkninga. Difor oppmodar vi alle som er kvalifiserte til å søkje hos oss, uavhengig av kjønn, alder, funksjonshemming, nasjonal eller etnisk bakgrunn. Det same gjeld om du har hatt eit lengre opphald i arbeidslivet. Helse Møre og Romsdal er underlagt offentleglova. Vi arbeidar for meiroffentlegheit, og søkarlista til stillinga kan bli offentleggjort. Ein kan be om unntak frå offentleg søkarliste. Unntak skal grunngjevast frå søkar si side. Arbeidsgivar vil vurdere ei slik oppmoding, og søkar vert kontakta om oppmodinga ikkje vert tatt til følgje.
Uansett kva stilling du vert tilsett i, så skal vi bidra til at du får utvikle deg og kompetansen din. Bli med på laget! For meir informasjon om helseføretaket, sjå Helse Møre og Romsdal