A complete application in a minute
Tailored resume and cover letter, ready to send.
Voss herad søkjer ein engasjert operativ leiar for veg, anlegg og vedlikehald som kan leie den daglege drifta og bidra til eit trygt og berekraftig kommunalt vegnett. Du vil samarbeide tett med adminstrative leiing og dei driftsoperatørane i avdelinga.
Stillinga krev resultatorientert leiing og god forståing for drift av offentleg infrastruktur. Avdelinga har ei bred verkstad og ansvar for over 310 km veg samt bruer. Me tilbyr varierte oppgåver og gode pensjons- og forsikringsordningar.
Voss herad søkjer ein engasjert og fagleg trygg operativ leiar for veg, anlegg og vedlikehald. Me ser etter ein målretta og løysingsorientert person som ynskjer å bidra til eit trygt, berekraftig og framtidsretta kommunalt vegnett.
Driftsavdelinga er organisert under kommunalavdeling samfunnsutvikling og kultur og har ansvar fordrift og vedlikehald av kommunale vegar, vatn- og avløpsanlegg. Avdelinga har om lag 45 tilsette og har også ein eigen verkstad for kommunale køyretøy og maskiner.
Voss herad eig og driftar om lag 310 km kommunal veg og har ansvar for over 100 bruer.
Vegavdelinga står framfor ei spanande utvikling med fleire nye anleggsprosjekt i eigen regi,samstundes som ein har løpande drift og vedlikehaldsoppgåvene knytt til det kommunale vegnettet.
Som operativ leiar vil du ha ei sentral rolle i planlegging, koordinering og oppfølging av den daglegedrifta av det kommunale vegnettet i Voss herad. Stillinga inneber tett samhandling med andrekommunale fagområder som VA og Bygg og eigedom. Du vil arbeide tett saman med administrativleiing på Voss tinghus, og ha ansvar for oppfølging av driftsoperatørane i avdelinga, samt eksternegjennom brøytekontrakter og rammeavtalar med maskinentreprenørar.
Vegavdelinga har ansvar for drift, vedlikehald og mindre utbyggingsprosjekt på det kommunalevegnettet. Vegavdelinga har i dag 11 driftsoperatørar med brei kompetanse innan veg oganleggsfaget. Avdelinga disponerer mellom anna gravemaskiner, lastebilar, hjullastar, traktor,veghøvel og utfører både drift og anleggsoppgåver i eigen regi.
Kvalifikasjonar
Me søkjer ein person som
Personlege eigenskapar vil verta tillagd stor vekt
Dokumentasjon på utdanning og referanse må kunne leggjast fram ved eventuelt intervju.
For stillinga gjeld dei reglar som går fram av lover, reglement og gjeldande tariffavtalar.
Organisasjonen er i utvikling, og den som vert tilsett må vere fleksibel med omsyn til endringar iarbeidsoppgåver og organisatorisk plassering.