Stand out for this role — generate a tailored resume and cover letter in about a minute.
Sara Vartdal Vinjevoll i Ørsta kommune søker erfarne sjukepleiar til 95% fast stilling ved Vartdal helsetun. Du vil bidra til god faglig utvikling og høy kvalitet i pleie og omsorg.
Du må vere fagleg engasjert med relevant erfaring, kunne nytte digitale fagsystem og velferdsteknologi, og kommunisere skriftleg på nynorsk. Justeringar i arbeidsgjevar si styringsrett kan hende, og tiltaka inkluderer intern kurs og heile året-turnus.
Er du sjukepleiar og ser etter nye utfordringar? Ved Vartdal helsetun er det frå d.d. ledig fast 95 % stilling.
Vartdal helsetun er lokalisert ca. 24 km frå Ørsta sentrum i retning Ålesund. Helsetunet har 28 plassar dersjukeheimsavdelinga har 9 plassar og bukollektivet har 19 plassar.
Vi søkjer etter ein fagleg engasjert og ansvarsfull medarbeidar som ønsker å vere med på å vidareutvikle ei teneste i endring. Du må kunne jobbe sjølvstendig i ein hektisk kvardag og du får dyktige kollegaer på laget. Vi jobbar målretta med individuell pleie og omsorg med høg kvalitet.Vi søkjer etter ein inspirert medarbeidar som kan bidra til optimal livskvalitet for den enkelte bebuar, og til fagleg utvikling av eininga.
Vil vil sikre at du får nødvendig fagleg utvikling og kompetanseheving gjennom e-læring og kurs.
Vi er stolte at å vere eiheiltidskulturkommuneog jobbar etter årsplanleggingog oppgåvedeling for å sikre fagkompetanse gjennom døgnet og året.Dette vil gi deg fleksibel turnusordning og ein trygg arbeidskvardag med kjende kollegar på vakt.
Justeringar og endringar innan for arbeidsgjevar sin styringsrett kan skje i samsvar med det som er kommunen sine behov til ei kvar tid.
Vi ynskjer at du:
Vi gjer ei heilskapleg vurdering av søkjarane og personlege eigenskapar vert vektlagde.Referansar vert nytta og aktuelle søkjarar kan verte kalla inn til intervju.
Arbeidsvilkår: 95 % dag/kveld inkl. helgar
Stillinga er plassert i HTA kap. 4 gr. 2 -stillingar med krav om minimum 3-årig høgskuleutdanning
Stillingskode 7174 sjukepleiar
Det kan vere aktuelt å gi rekrutteringstilskot til nytilsette med bindingstid.
Tilsetting skjer elles på dei vilkår og med dei rettar som går fram av gjeldande tariffavtalar og kommunale reglement.
Prøvetid
Prøvetid i faste stillingar er 6 mnd. I lengre vikariat er det høvesvis. Fråvær går til fråtrekk.
Intern søkjar
Dersom du ynskjer å bli vurdert ut fra kriterium forintern fortrinnsrett til stillinga, hakar du av på omsyn – intern søkjar. Dette gjeld berre for tilsette i Ørsta kommune som er ufrivillig deltids tilsett, har jobba i kommunen i til saman 12 månadar dei siste 2 åra, eller har andre faktorar knytt til lov- og avtaleverk som kan gi grunnlag for fortrinnsrett.jfAML §14.
Dokumentasjon
Vitnemål/lenke til vitnemålsportalen og attestar frå tidlegare arbeidsforhold skal lastast opp i Webcruiter. Originale/bekrefta kopiar skal takast med til intervju. Vitnemål og attestar dannar grunnlaget for fastsetjing av ansiennitet og rett løn. Vi ber difor at du sender inn dokumentasjon på alle tidlegare arbeidsforhold. Attesten må innehalde dato frå-til, samt stillingsstørrelse eller antal timar.
Om offentleg søkjarliste
I samsvar med offentleglova § 25, kan opplysningar om søkjaren unnatakast offentleg søkjarliste, dersom søkjaren sjølv oppmodar om dette. Den som ønskjer at namnet skal vere unnateke offentleg søkjarliste må grunngje dette. Søkjaren sine behov vil verte vurdert konkret opp mot omsynet til offentleg interesse og kravet om ålment innsyn. Elles vil oppmodinga verte vurdert i høve prinsippet om meirinnsyn på vanleg måte. Dersom kommunen meiner at det ikkje er grunnlag for fritak, vil søkjaren verte kontakta og få tilbod om å trekkje søknaden før endeleg søkjarliste vert laga.