Stand out for this role — generate a tailored resume and cover letter in about a minute.
Ørskog omsorgssenter søker sjukepleiarar til 100% faste stillingar arbeidsdag/kveld med arbeid kvar 3. helg. Institusjonen tilbyr eit variert praksisfelt og tett samarbeid med NTNU gjennom KLU-enhet.
Sentrale oppgåver inkluderer helsehjelp, dokumentasjon i Helseplattformen, legemiddelhandtering og rettleiing av pasientar, pårørande og kollegaer. Vi ser etter autoriserte sjukepleiarar med god munnleg og skriftleg norsk (B2) og evne til samarbeid i tverrfagleg team.
Ørskog omsorgssenter treng flere sjukepleiarar. Vi har ledig 100 % fast stilling som sjukepleiar på dag/aften med arbeid kvar 3. helg.
Ørskog omsorgssenter har 17 sjukeheimsplasser fordelt på to avdelinger. Ei avdeling for personar med demens, ei avdeling med langtidsplassar/ kortidsplassar/avlastning. Vi har eit allsidig praksisfelt, med eit stort spekter av pasientutfordringer og diagnoser. Det er dermed gode moglegheiter for å få bruke, samt videreutvikle sjukepleiekompetansen din hos oss. Vi er ein mindre institusjon med eit godt arbeidsmiljø, så her vil ein bli godt ivaretatt.
Ørskog omsorgssenter er også ei klinisk utdanningsenhet (KLU-enhet). Dette innebærer eit tettare samarbeid mellom institusjonen og NTNU. Formålet med dette samarbeidet er å gi sjukepleiestudentar ein ekstra god læringsarena i praksis. Ørskog omsorgssenter er dermed ein god bidragsyter for utdanning av framtidige sjukepleiarar. Vi har to sjukepleiarar med videreutdanning i praksisveiledning, og har god erfaring med veiledning i Svip-modellen.
Ørskog er eit distrikt med nærleik til både natur og det urbane strøk. I nærområdet kan ein både finne flotte turmoglegheiter, både lette og meir utfordrande. Ein har butikk og shopping i nærleiken, både på Digernes, Moa og Ålesund sentrum.
Lokalmiljøet i distriktet Ørskog har ellers mykje å by på. Barne og ungdomsskule, barnehage, dagligvarebutikkar, mange tilbod innan ma friluftsliv, idrett, treningssenter og kultur.
Sissel Nogva Refsnes,Avdelingsleiar,922 06 402,sissel.nogva.refsnes@alesund.kommune.no
Linn Evy Abelseth Søvik,Verksemdsleiar,906 84 106,linn.evy.abelseth.sovik@alesund.kommune.no
Sjøholtvegen 82
6240Ørskog
Arbeidsgivar: Ålesund kommune
Referansenr.: 5172591834
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 20.09.2026