Get a reply from this employer — a resume and cover letter tailored to exactly what they’re hiring for.
Ørsta kommune søker ein offentleg godkjend sjukepleiar som skal kombinere ordinære sjukepleiaroppgåver med funksjonen som kreftkoordinator. Du vil koordinere kreftomsorg, tilrettelegge kvardagen for pasientar og pårørande, og samordne tenester i kommunen.
Vi tilbyr eit inkluderande arbeidsmiljø og fokus på fagutvikling. Stillinga er heiltidsfast med delt funksjon som kreftkoordinator, og du blir ein del av sjukepleiarteamet i Heimetenesta.
Ørsta kommune
Ørsta
Ynskjer du ei spennande sjukepleiarstilling der du får kombinere ordinære sjukepleiaroppgåver med funksjonen som kreftkoordinator? Heimetenesta sentrum har ledig 100 % fast stilling for sjukepleiar med delt funksjon som kreftkoordinator i Ørsta kommune. Som kreftkoordinator skal du bidra til å koordinere og tilretteleggje kvardagen for personar med kreftsjukdom og deira pårørande. Du vil vere ein viktig ressurs i kommunen sitt arbeid med å samordne tenester og sikre gode pasientforløp. Kreftkoordinatoren skal bidra til utvikling av gode rutinar og system for kreftomsorg, samt vere ein støtte og rettleiar for pasientar, pårørande og tilsette. Vi søkjer deg som ønskjer faglege utfordringar og trivst i ein variert og til tider hektisk arbeidskvardag. Hos oss møter du engasjerte og kompetente kollegaer som arbeider målretta for å gi individuelle og heilskaplege tenester med høg fagleg kvalitet. I heimetenesta møter du brukarar med ulike og samansette helseutfordringar. Vi har eit sterkt fokus på å styrkje den enkelte sine eigne ressursar og leggje til rette for at brukarane kan leve mest mogleg sjølvstendige liv i eigen heim. For å sikre kontinuitet og stabilitet i funksjonen som kreftkoordinator er den organisert som ei delt stilling. Du vil i tillegg vere ein del av vårt sjukepleiarteam og ta del i dei ordinære sjukepleiaroppgåvene i tenesta. Gjennom årsplanlegging og oppgåvedeling arbeider vi aktivt for å sikre nødvendig fagkompetanse gjennom heile døgnet og året. Vi legg til rette for fagleg utvikling gjennom kollegarettleiing, e‑læring, kurs og fagdager. Vi ser etter deg som har engasjement, godt humør og eit ønske om å bidra til eit godt arbeidsmiljø. Du vil vere med på å utvikle framtidsretta, berekraftige og fagleg sterke tenester til innbyggjarane våre
Søknadsfrist
21.09.2026
Arbeidsgivar
Ørsta kommune
Stad
Ørsta
Stillingstittel
Off. godkjent sjukepleiar
Stillingar
1
Heiltid / Deltid
Heeltid
Tilsetjingsform
Fast
Stillingsprosent
100
Justeringar og endringar innen for arbeidsgjevar sin styringsrett kan skje i samsvar med det som er kommunen sine behov til ei kvar tid.
Vi gjer ei heilskapleg vurdering av søkjarane og personlege eigenskapar vert vektlagde. Referansar vert nytta og aktuelle søkjarar kan verte kalla inn til intervju. I enkelte tilfelle vil det bli nytta gruppeintervju.
Dag/kveld inkl. helgar
Stillinga er plassert i HTA kap. 4 gr.2
Tilsetting skjer elles på dei vilkår og med dei rettar som går fram av gjeldande tariffavtalar og kommunale reglement.
Prøvetid i faste stillingar er 6 mnd. I lengre vikariat er det høvesvis. Fråvær går til fråtrekk.
Dersom du ynskjer å bli vurdert ut frå kriterium for intern fortrinnsrett til stillinga, hakar du av på omsyn – intern søkjar. Dette gjeld berre for tilsette i Ørsta kommune som er ufrivillig deltids tilsett, har jobba i kommunen i til saman 12 månadar dei siste 2 åra, eller har andre faktorar knytt til lov- og avtaleverk som kan gi grunnlag for fortrinnsrett. jf AML
Vitnemål/lenke til vitnemålsportalen og attestar frå tidlegare arbeidsforhold skal lastast opp i Webcruiter. Originale/bekrefta kopiar skal takast med til intervju. Vitnemål og attestar dannar grunnlaget for fastsetjing av ansiennitet og rett løn. Vi ber difor at du sender inn dokumentasjon på alle tidlegare arbeidsforhold. Attesten må innehalde dato frå‑til, samt stillingsstørrelse eller antal timar.
I samsvar med offentleglova
I samsvar med offentleglova
Adresse: Dalevegen 24, 6153 Ørsta, Norge
Avd.leiar heimetenester vest
Telefon: 953 60 759
E-post: nina.ulstein@orsta.kommune.no
Tenesteleiar Heimetenester
Telefon: 48010415
E-post: sigrun.halkjelsvik@orsta.kommune.no
Ørsta kommune er med om lag 11 000 innbyggjarar ei av dei største kommunane i Møre og Romsdal. Kommunen har ein variert arbeidsmarknad og næringsliv. Den gode geografiske plasseringa vår i lina mellom Eiksundsambandet og Kvivsvegen gjev også kort veg til anna næringsliv i regionen Søre Sunnmøre/Nordfjord, og til utdanningstilbod i Ørsta og Volda. Kommunen har gode kommunikasjonar. Flyplassen har fleire daglege direkteruter til Oslo og Bergen.
Tillit - gjennom gjensidig respekt, forståing og likeverd
Energi - gjennom entusiasme, inkludering og humor og glede
Løysingsvilje - gjennom lagånd, tydelege mål og meiningsfylte oppgåver
Utvikling - gjennom medverknad, tilbakemelding og verdsetjing av kunnskap
Ørsta kommune arbeider for å skape ein heiltidskultur, der heile stillingar er det naturlege. Kvalitet på tenestene, kontinuitet og tryggleik skal stå i sentrum. Som tilsett er du ein viktig medspelar i kommunen sine utviklingsarbeid. Ørsta kommune skal i størst mogleg grad avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi oppfordrar kvalifiserte kandidatar til å søke uansett alder, kjønn, funksjonsnedsetting, kulturell bakgrunn eller hol i CV `en. Tilsettinga skjer elles på dei vilkår og med dei plikter som følgjer av lov, tariffavtaler og reglement.