Get a reply from this employer — a resume and cover letter tailored to exactly what they’re hiring for.
Ørsta kommune søker ein fagleg engasjert sjukepleiar til Vartdal helsetun. Fast 95% stilling som skal levere kvalitative pleie- og omsorgstenester i ein travel kvardag.
Vartdal helsetun ligg ca. 24 km frå Ørsta sentrum mot Ålesund, med 28 sju plassar fordelt mellom sjukeheim og bukollektivet. Vi tilbyr e-læring, kurs og eit godt arbeidsmiljø i ei heilskapleg anna turnus.
Arbeidsgivar Ørsta kommune
Off. godkjent sjukepleiar Vartdal helsetun Omsorg og sjukeheim, Ørsta kommune
Er du sjukepleiar og ser etter nye utfordringar? Ved Vartdal helsetun er det frå d.d. ledig fast 95 % stilling.
Vartdal helsetun er lokalisert ca. 24 km frå Ørsta sentrum i retning Ålesund. Helsetunet har 28 plassar der sjukeheimsavdelinga har 9 plassar og bukollektivet har 19 plassar.
Vi søkjer etter ein fagleg engasjert og ansvarsfull medarbeidar som ønsker å vere med på å vidareutvikle ei teneste i endring. Du må kunne jobbe sjølvstendig i ein hektisk kvardag og du får dyktige kollegaer på laget. Vi jobbar målretta med individuell pleie og omsorg med høg kvalitet. Vi søkjer etter ein inspirert medarbeidar som kan bidra til optimal livskvalitet for den enkelte bebuar, og til fagleg utvikling av eininga.
Vil vil sikre at du får nødvendig fagleg utvikling og kompetanseheving gjennom e-læring og kurs.
Vi er stolte at å vere ei heiltidskulturkommune og jobbar etter årsplanlegging og oppgåvedeling for å sikre fagkompetanse gjennom døgnet og året. Dette vil gi deg fleksibel turnusordning og ein trygg arbeidskvardag med kjende kollegar på vakt.
Søknadsfrist 21.09.2026
Arbeidsgivar Ørsta kommune
Stad Vartdal
Stillingstittel Off. godkjent sjukepleiar Vartdal helsetun
Stillingar 1
Heiltid / Deltid Deltid
Tilsetjingsform Fast
Stillingsprosent 95
Webcruiter-ID 5176018029
Justeringar og endringar innan for arbeidsgjevar sin styringsrett kan skje i samsvar med det som er kommunen sine behov til ei kvar tid.
Vi gjer ei heilskapleg vurdering av søkjarane og personlege eigenskapar vert vektlagde. Referansar vert nytta og aktuelle søkjarar kan verte kalla inn til intervju.
Arbeidsvilkår: 95 % dag/kveld inkl. helgar
Stillinga er plassert i HTA kap. 4 gr. 2 -stillingar med krav om minimum 3-årig høgskuleutdanning
Stillingskode 7174 sjukepleiar
Det kan vere aktuelt å gi rekrutteringstilskot til nytilsette med bindingstid.
Tilsetting skjer elles på dei vilkår og med dei rettar som går fram av gjeldande tariffavtalar og kommunale reglement.
Prøvetid i faste stillingar er 6 mnd. I lengre vikariat er det høvesvis. Fråvær går til fråtrekk.
Dokumentasjon: Vitnemål/lenke til vitnemålsportalen og attestar frå tidlegare arbeidsforhold skal lastast opp i Webcruiter. Originale/bekrefta kopiar skal takast med til intervju. Vitnemål og attestar dannar grunnlaget for fastsetjing av ansiennitet og rett løn. Vi ber difor at du sender inn dokumentasjon på alle tidlegare arbeidsforhold. Attesten må innehalde dato frå-til, samt stillingsstørrelse eller antal timar.
Adresse: Vartdal Helsetun, 6170 Vartdal, Norge
Sara Vartdal Vinjevoll
Avd.leiar Vartdal helsetun
Telefon: 900 35 366
E-post: sara.vartdal.vinjevoll@orsta.kommune.no
Ørsta kommune er med om lag 11 000 innbyggjarar ei av dei største kommunane i Møre og Romsdal. Kommunen har ein variert arbeidsmarknad og næringsliv. Den gode geografiske plasseringa vår i lina mellom Eiksundsambandet og Kvivsvegen gjev også kort veg til anna næringsliv i regionen Søre Sunnmøre/Nordfjord, og til utdanningstilbod i Ørsta og Volda. Kommunen har gode kommunikasjonar. Flyplassen har fleire daglege direkteruter til Oslo og Bergen.
Tillit - gjennom gjensidig respekt, forståing og likeverd
Energi - gjennom entusiasme, inkludering og humor og glede
Løysingsvilje - gjennom lagånd, tydelege mål og meiningsfylte oppgåver
Utvikling - gjennom medverknad, tilbakemelding og verdsetjing av kunnskap
Ørsta kommune arbeider for å skape ein heiltidskultur, der heile stillingar er det naturlege. Kvalitet på tenestene, kontinuitet og tryggleik skal stå i sentrum. Som tilsett er du ein viktig medspelar i kommunen sine utviklingsarbeid.
Ørsta kommune skal i størst mogleg grad avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi oppfordrar kvalifiserte kandidatar til å søke uansett alder, kjønn, funksjonsnedsetting, kulturell bakgrunn eller hol i CV `en. Tilsettinga skjer elles på de...