A complete application in a minute — tailored resume and cover letter, ready to send.
Ørsta kommune søkjer ein opplagt og fagleg trygg off. godkjent helsefagarbeidar til vikariat ved Vartdal helsetun. Arbeidet vert gjeve i ei avdeling med fokus på individuell pleie og høg kvalitet i tenesteyting.
Du må ha god norsk muntleg og skriftleg framstillingsevne, kunne nytte digitale fagsystem og velferdsteknologiske løysingar, og vere i stand til å arbeide i eit omstillinga miljø med samarbeid og god kommunikasjon.
Arbeidsgivar Ørsta kommune
Off. godkjent helsefagarbeidar Omsorg og sjukeheim, Ørsta kommune
Ved Vartdal helsetun har vi for perioden d.d.-31.08.2027 ledig vikarstilling for off. godkjent helsefagarbeidar.
Vartdal helsetun er lokalisert ca. 24 km frå Ørsta sentrum i retning Ålesund. Helsetunet har 28 plassar og 4 trygdebustadar. Dei administrerer også heimebaserte tenester i Vartdal regionen.
Vi arbeider målretta for å gi individuell pleie og omsorg av høg kvalitet, med fokus på å styrke brukaren si eiga meistringsevne. Fagkompetanse er til stades heile døgnet og året rundt, og vi nyttar oppgåvedeling for å sikre effektiv og fagleg forsvarleg tenesteyting. Vi ser etter deg som er god på kommunikasjon og samarbeid, som har eit godt humør og evne til å arbeide i eit miljø prega av omstilling og utfordringar. Du vil få dyktige kollegaer på laget som jobbar saman i team.
Ved god kapasitet på eiga avdeling kan arbeidsoppgåver bli lagt til andre avdelingar, og det må påreknast å bidra på tvers av avdelingar etter behov.
12.09.2026
Ørsta kommune
Vartdal
Off. godkjent helsefagarbeidar vikariat
1
Heiltid
Vikar
100
Vi gjer ei heilskapleg vurdering av søkjarane og personlege eigenskapar vert vektlagde. Referansar vert nytta og aktuelle søkjarar kan verte kalla inn til intervju.
Arbeidsvilkår: Dag/kveld inkl helgar
Stillinga er plassert i HTA kap.4.1.2. Fagarbeidarstilling
Stillingskode 7076 Helsefagarbeidar
Tilsetting elles i samsvar med gjeldande lov- og regelverk.
Prøvetid i faste stillingar er 6 mnd. I lengre vikariat er det høvesvis. Fråvær går til fråtrekk.
Dersom du ynskjer å bli vurdert ut frå kriterium for intern fortrinnsrett til stillinga, hakar du av på omsyn – intern søkjar. Dette gjeld berre for tilsette i Ørsta kommune som er ufrivillig deltids tilsett, har jobba i kommunen i til saman 12 månadar dei siste 2 åra, eller har andre faktorar knytt til lov- og avtaleverk som kan gi grunnlag for fortrinnsrett. jf AML
Vitnemål/lenke til vitnemålsportalen og attestar frå tidlegare arbeidsforhold skal lastast opp i Webcruiter. Originale/bekrefta kopiar skal takast med til intervju. Vitnemål og attestar dannar grunnlaget for fastsetjing av ansiennitet og rett løn. Vi ber difor at du sender inn dokumentasjon på alle tidlegare arbeidsforhold. Attesten må innehalde dato frå-til, samt stillingsstørrelse eller antal timar.
Når du søker jobb hos oss, vil namnet ditt stå på ei offentleg søkarliste, i samsvar med offentleglova
Adresse: Vartdal helsetun, Vartdalstranda 1225, 6170 Vartdal, Norge
Sara Vartdal Vinjevoll
Avd.leiar Vartdal helsetun
Telefon: 900 35 366
E-post: sara.vartdal.vinjevoll@orsta.kommune.no
Ørsta kommune er med om lag 11 000 innbyggjarar ei av dei største kommunane i Møre og Romsdal. Kommunen har ein variert arbeidsmarknad og næringsliv. Den gode geografiske plasseringa vår i lina mellom Eiksundsambandet og Kvivsvegen gjev også kort veg til anna næringsliv i regionen Søre Sunnmøre/Nordfjord, og til utdanningstilbod i Ørsta og Volda. Kommunen har gode kommunikasjonar. Flyplassen har fleire daglege direkteruter til Oslo og Bergen.
Tillit - gjennom gjensidig respekt, forståing og likeverd
Energi - gjennom entusiasme, inkludering og humor og glede
Løysingsvilje - gjennom lagånd, tydelege mål og meiningsfylte oppgåver
Utvikling - gjennom medverknad, tilbakemelding og verdsetjing av kunnskap
Ørsta kommune arbeider for å skape ein heiltidskultur, der heile stillingar er det naturlege. Kvalitet på tenestene, kontinuitet og tryggleik skal stå i sentrum. Som tilsett er du ein viktig medspelar i kommunen sine utviklingsarbeid.
Ørsta kommune skal i størst mogleg grad avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi oppfordrar kvalifiserte kandidatar til å søke uansett alder, kjønn, funksjonsnedsetting, kulturell bakgrunn eller hol i CV `en. Tilsettinga skjer elles på dei vilkår og med dei plikter som følgjer av lov, tariffavtaler og reglement.