Off. godkjent sjukepleiar med teamleiarfunksjon

Omsorg og sjukeheim, Ørsta kommune

Vartdal

On-site

NOK 750,000 - 950,000

Full time

7 days ago
Be an early applicant

Get a reply from this employer

Your resume and cover letter, tailored to exactly what they’re hiring for.

Get past ATS filters

Benefits offered by this job

Pensjonsordning i KLP
Heiltidskultur og inkludering

Job summary

Off. godkjent sjukepleiar med teamleiarfunksjon ved Vartdal helsetun i Ørsta kommune søkjer etter ein fagleg engasjert medarbeidar. Stillinga omfattar eit ansvar som teamleiar og dagleg lekastønad i ein hektisk kvardag.

Stillinga krev sjølvstendig arbeid, tett samarbeid med kolleger og klart fokus på kvalitet i pleie og omsorg. Vartdal helsetun ligg rundt 24 km frå Ørsta sentrum i retning Ålesund, og har 28 plassar pluss fire trygdebustadar.

Qualifications

  • Off. godkjent sjukepleiar
  • Relevant arbeidserfaring
  • Gode digitale ferdigheiter og kunne nytte digitale fagsystem og velferdsteknologiske løysingar
  • Gode skriftlege og munnlege framstillingsevner. Kommunen sitt skriftspråk er nynorsk
  • Førarkort klasse B
  • Politiattest ved tilsetting

Responsibilities

  • Pleie og helsefagleg oppfølging med vekt på kvalitet og omsorg
  • Bruke fagkunnskap og kliniske vurderingar for å skape trygge tenester
  • Samarbeid med pårørande og kollegaer på tvers av tenester
  • Dokumentere helsehjelp i fagsystem og bidra til kvalitet og kontinuitet i tenestene
  • Koordinere og følgje opp dagleg arbeid og legemiddelhandtering
  • Gjennom rettleiing styrke faglig arbeid kring brukarane
  • Følge opp systematisk kvalitetsarbeid og utarbeide rutinar og prosedyrer

Skills

Digital kompetanse

Education

Offentlig godkjent sjukepleiar

Tools

Fagsystem
Velferdsteknologi

Job description

Off. godkjent sjukepleiar med teamleiarfunksjon

Stillingstittel Off. godkjent sjukepleiar med teamleiarfunksjon, Vartdal helsetun

Er du sjukepleiar og ser etter nye utfordringar?Ved Vartdal helsetun er det ledig sjukpleiestilling med teamleiarfunksjon frå 01.12.2026.

Vartdal helsetun er lokalisert ca. 24 km frå Ørsta sentrum i retning Ålesund. Helsetunet har 28 plassar og 4 trygdebustadar. Dei administrerer også heimebaserte tenester i Vartdal regionen.

Vi søkjer etter ein fagleg engasjert og ansvarsfull medarbeidar som ønsker å vere med på å vidareutvikle ei teneste i endring. Du må kunne jobbe sjølvstendig i ein hektisk kvardag og du får dyktige kollegaer på laget. Vi jobbar målretta med individuell pleie og omsorg med høg kvalitet. Vi søkjer etter ein inspirert medarbeidar som kan bidra til optimal livskvalitet for den enkelte bebuar, og til fagleg utvikling av eininga.

Arbeidsoppgåver
  • pleie og helsefagleg oppfølging med vekt på kvalitet, meistring og heilskapleg omsorg.
  • bruke fagkunnskap, kliniske vurderingar og velferdsteknologi for å skape trygge og gode tenester.
  • samarbeid med pårørande og kollegaer på tvers av tenester og fagområder.
  • dokumentere og følgje opp helsehjelp i fagsystem og bidra til kvalitet og kontinuitet i tenestene

Til denne stillinga er det knytt ein teamleiarfunksjon. Dette betyr at du vil få eit særleg ansvar for:

  • koordinering og oppfølging av det dagleg arbeidet og oppgåver som legemiddelhandtering, ernæring og pasienttryggleik
  • gjennom rettleiing av medarbeidarar, studentar og lærlingar styrke det faglege arbeidet kring brukarane
  • følgje opp systematisk kvalitetsarbeid og utarbeiding av rutinar og prosedyrer

Justeringar og endringar innan for arbeidsgjevar sin styringsrett kan skje i samsvar med det som er kommunen sine behov til ei kvar tid.

Kvalifikasjonar
  • Off. godkjent sjukepleiar
  • Relevant arbeidserfaring
  • Du må ha gode digitale ferdigheiter og kunne nytte digitale fagsystem og velferdsteknologiske løysingar som ein naturleg del av arbeidet.
  • Du må god skriftleg og munnleg framstillingsevne. Kommunen sitt skriftspråk er nynorsk.
  • Førarkort klasse B
  • Det vert stilt krav om politiattest ved tilsetting
Personlege eigenskapar

Vi ser etter deg som:

  • er fagleg engasjert og ønskjer å lære og utvikle deg saman med kollegaene dine
  • har interesse for arbeid med eldre og ønskjer å bidra til gode dagar for brukarane våre
  • trivst med ein variert arbeidskvardag og endringar i arbeidsoppgåver og behov
  • tek ansvar og arbeider strukturert og sjølvstendig
  • samarbeider godt og kommuniserer tydeleg med andre
  • er løysingsorientert og bidreg til eit godt arbeidsmiljø

Vi gjer ei heilskapleg vurdering av søkjarane og personlege eigenskapar vert vektlagde.Referansar vert nytta og aktuelle søkjarar kan verte kalla inn til intervju.

Vi tilbyr

Som sjukepleiar hos oss får du arbeide tett på menneske og bidra til gode og trygge helse - og omsorgstenester. Du får faglege utfordringar, kollegaer som bryr seg om kvarandre og ein arbeidsplass der vi jobbar aktivt for å finne dei gode løysingane.

Vi satsar på:

  • eit fagmiljø oppteken av kvalitet og utvikling og der du får vere med å påverke tenesta
  • fag - og kompetanseutvikling gjennom e-læring, kurs og internundervisning
  • årsturnus og langvakter
  • eit arbeidsmiljø der vi støttar kvarandre og med kort veg mellom medarbeidarar og leiar
  • Gode forsikrings og pensjonsvilkår: Ørsta kommune har gode f orsikringsordninga r i KLP for sine tilsette, som også inkl. frivillig ulukkesforsikring på fritida. Som tilsett i Ørsta kommune får du del i ei av Noreg sine sikraste pensjonsordningar: offentleg tenestepensjon . Der dei fleste tenestepensjonar berre vert utbetalt i 10 år, er offentleg tenestepensjon ei utbetaling som varer frå den dagen du sluttar å jobbe og livet ut. Pensjonen inkluderer også uføre- og etterlattepensjon om noko uventa skulle skje.

Arbeidsvilkår: 100 % dag/kveld inkl. helgar

Stillinga er plassert i HTA kap. 4 gr. 2 -stillingar med krav om minimum 3-årig høgskuleutdanning
Stillingskode 7174 sjukepleiar

Løn: etter avtale

Tilsetting skjer elles på dei vilkår og med dei rettar som går fram av gjeldande tariffavtalar og kommunale reglement.

Prøvetid
Prøvetid i faste stillingar er 6 mnd. I lengre vikariat er det høvesvis. Fråvær går til fråtrekk. Tilsetting skjer elles på dei vilkår og med dei rettar som går fram av gjeldande tariffavtalar og kommunale reglement. Kommunen har pensjons- og forsikringsordning for sine tilsette i KLP.

Intern søkjar
Dersom du ynskjer å bli vurdert ut frå kriterium for intern fortrinnsrett til stillinga, hakar du av på omsyn – intern søkjar. Dette gjeld berre for tilsette i Ørsta kommune som er ufrivillig deltids tilsett, har jobba i kommunen i til saman 12 månadar dei siste 2 åra, eller har andre faktorar knytt til lov- og avtaleverk som kan gi grunnlag for fortrinnsrett. jf AML §14.

Dokumentasjon
Vitnemål/lenke til vitnemålsportalen og attestar frå tidlegare arbeidsforhold skal lastast opp i Webcruiter. Originale/bekrefta kopiar skal takast med til intervju. Vitnemål og attestar dannar grunnlaget for fastsetjing av ansiennitet og rett løn. Vi ber difor at du sender inn dokumentasjon på alle tidlegare arbeidsforhold. Attesten må innehalde dato frå-til, samt stillingsstørrelse eller antal timar.

Om offentleg søkjarliste
I samsvar med offentleglova § 25, kan opplysningar om søkjaren unnatakast offentleg søkjarliste, dersom søkjaren sjølv oppmodar om dette. Den som ønskjer at namnet skal vere unnateke offentleg søkjarliste må grunngje dette. Søkjaren sine behov vil verte vurdert konkret opp mot omsynet til offentleg interesse og kravet om ålment innsyn. Elles vil oppmodinga verte vurdert i høve prinsippet om meirinnsyn på vanleg måte. Dersom kommunen meiner at det ikkje er grunnlag for fritak, vil søkjaren verte kontakta og få tilbod om å trekkje søknaden før endeleg søkjarliste vert laga.

Kontaktinformasjon

Sara Vartdal Vinjevoll,Avd.leiar Vartdal helsetun,900 35 366, sara.vartdal.vinjevoll@orsta.kommune.no

Arbeidsstad

6170Vartdal

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Ørsta kommune

Referansenr.: 5211913204

Stillingsprosent: 100%

Fast

Søknadsfrist: 28.11.2026

Ørsta kommune er med om lag 11 000 innbyggjarar ei av dei største kommunane iMøre og Romsdal. Kommunenhar ein variert arbeidsmarknad og næringsliv. Den gode geografiske plasseringa vår i lina mellom Eiksundsambandet og Kvivsvegen gjev også kort veg til anna næringsliv i regionen Søre Sunnmøre/Nordfjord, og til utdanningstilbod i Ørsta og Volda. Kommunen har gode kommunikasjonar. Flyplassen har fleire daglege direkteruter til Oslo og Bergen.

Utvikling - gjennom medverknad, tilbakemelding og verdsetjing av kunnskap

Heiltidskultur og inkludering
Ørsta kommune arbeider for å skape ein heiltidskultur, der heile stillingar er det naturlege. Kvalitet på tenestene, kontinuitet og tryggleik skal stå i sentrum. Som tilsett er du ein viktig medspelar i kommunen sine utviklingsarbeid.

Ørsta kommune skal i størst mogleg grad avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi oppfordrar kvalifiserte kandidatar til å søke uansett alder, kjønn, funksjonsnedsetting, kulturell bakgrunn eller hol i CV `en. Tilsettinga skjer elles på dei vilkår og med dei plikter som følgjer av lov, tariffavtaler og reglement.

Sjukepleiar 52% og 61 % fast nattstilling

Get your free, confidential resume review.

or drag and drop your file here.

Similar jobs

Similar jobs worth comparing

Pleiemedarbeidar Vartdal helsetun, vikariat
Pleiemedarbeidar Vartdal helsetun, vikariat

DeepOcean • Vartdal

On-site
NOK 360,000 - 480,000
Godt arbeidsmiljø
Utfordrande og varierte arbeidsoppgåve
Gode forsikrings- og pensjonsvilkår
Off. godkjent sjukepleiar-vikariat natt
Off. godkjent sjukepleiar-vikariat natt

Heimetenester, Ørsta kommune • Ørsta

On-site
NOK 420,000 - 560,000
Gode forsikringer
Pensjonsordning
KLP-tilknytning
Off. godkjent sjukepleiar/ vernepleiar med teamleiarfunksjon
Off. godkjent sjukepleiar/ vernepleiar med teamleiarfunksjon

Ørsta kommune • Vartdal

On-site
NOK 750,000 - 900,000
Pleiemedarbeidar Vartdal helsetun, vikariat
Pleiemedarbeidar Vartdal helsetun, vikariat

Sara Vartdal Vinjevoll • Ørsta

On-site
NOK 420,000 - 540,000
Forsikringsvilkår
Offentlig tjenestepensjon
KLP fordeler
Off. godkjent sjukepleiar-vikariat natt
Off. godkjent sjukepleiar-vikariat natt

Nina Ulstein • Ørsta

On-site
NOK 390,000 - 520,000
Gode forsikrings- og pensjonsvilkår
Godt arbeidsmiljø
Kompetanseheving
Off. godkjent sjukepleiar-vikariat natt
Off. godkjent sjukepleiar-vikariat natt

Ørsta kommune • Ørsta

On-site
NOK 520,000 - 640,000
Gode forsikrings- og pensjonsvilkår
Miljøterapeut/ vernepleiar- Bu og habilitering, Dalevegen 30-32 vikariat
Miljøterapeut/ vernepleiar- Bu og habilitering, Dalevegen 30-32 vikariat

Ørsta kommune, Bu og Habilitering • Ørsta

On-site
NOK 520,000 - 660,000
Forsikringsordningar
Pensjonsordningar
KLP fordeler
Miljøterapeut/ vernepleiar- Bu og habilitering, Dalevegen 30-32 vikariat
Miljøterapeut/ vernepleiar- Bu og habilitering, Dalevegen 30-32 vikariat

Ørsta kommune • Ørsta

On-site
NOK 420,000 - 540,000
Gode forsikringsvilkår
Offentlig tjenestepensjon
Off. godkjent sjukepleiar-vikariat natt
Off. godkjent sjukepleiar-vikariat natt

Twoja Norwegia • Ørsta

Remote
NOK 420,000 - 540,000
Gode forsikringsvilkår
Pensjonsordning i KLP
Legevikariat
Legevikariat

DeepOcean • Ørsta

On-site
NOK 600,000 - 800,000
Pensjons- og forsikringsordning
Fleksibel arbeidstid (fleksitidsording
Godt legefellesskap
Top locations