Off. godkjent sjukepleiar-vikariat natt

Ørsta kommune

Ørsta

On-site

NOK 520,000 - 640,000

Part time

3 days ago
Be an early applicant

A complete application in a minute

Tailored resume and cover letter, ready to send.

Get past ATS filters

Benefits offered by this job

Gode forsikrings- og pensjonsvilkår

Job summary

Ørsta kommune søker ein dyktig og engasjert sjukepleiar til nattstilling i heimetenesta. Arbeidet skjer i eit ambulerande natteteam som består av to sjukepleiarar og helsefagarbeidarar. Tenesta yter helsetenester til brukarar i og utanfor sentrum og vektlegg individuell pleie og høg fagleg kvalitet.

Du må vere off. godkjent sjukepleiar, ha god norsk skriftleg og munnleg framstillingsevne (nynorsk i skrift), samt kunne nytte digitale fagsystem.

Qualifications

  • Søkjaren må vere off. godkjent sjukepleiar.
  • Relevant arbeidserfaring er ein fordel.
  • Evne til å nytte digitale fagsystem og velferdsteknologiske løysingar.
  • God norsk skriftleg og munnleg framstillingsevne; nynorsk i skriftleg kommunikasjon.
  • Førarkort klasse B.

Responsibilities

  • Arbeide nattevakt som del av eit lite team (to sjukepleiarar og helsefagarbeidarar).
  • Tenesta er ambulerande og yter helsetenester til brukarar i og utanfor sentrum.
  • Sikre fagleg oppfølging, individuelt tilpassa pleie og dokumentasjon i tråd med lover og forskrifter.

Skills

Offentlig godkjent sykepleier

Education

Høgskuleutdanning (min 3 år)

Tools

Digitale fagsystemer
Velferdsteknologi

Job description

Vil du vere ein del av natt-team i heimetenesta?

Heimetenesta i sentrum har for perioden d.d- 30.11.2027 ledig 75 % vikarstilling på natt for off. godkjent sjukepleiar.


Vi søkjer ein dyktig og engasjert sjukepleiar til nattstilling i heimetenesta. På natt arbeider du i eit team som består av to sjukepleiarar ilag med helsefagarbeidarar kvar natt. Tenesta er ambulerande og yter helsetenester til brukarar både i og utanfor sentrum.
Vi søkjer deg som ønskjer faglege utfordringar og trivst med å jobbe sjølvstendig i ein variert og tidvis hektisk kvardag. Hos oss får du dyktige og engasjerte kollegaer som jobbar målretta for å gi individuell pleie og omsorg med høg fagleg kvalitet.

I heimetenesta møter du mange ulike brukarar med samansette helseutfordringar. Vi har fokus på å styrkje brukarane sine eigne ressursar slik at dei kan leve mest mogleg sjølvstendige liv i eigen heim. Dette gir ein spennande og meiningsfull arbeidskvardag der inga natt er heilt like. Du vil få n ødvendig fagleg oppdatering og kompetanseheving gjennom kollega, e-læring, kurs og fagdagar.

Vi er ei teneste i utvikling som kontinuerleg tilpassar oss framtida sine behov for å sikre gode og berekraftige helsetenester. Årsplanlegging og oppgåvedeling skal sikre god fagkompetanse gjennom heile døgnet og året.

Vi søkjer deg som har engasjement, godt humør og evne til å skape gode relasjonar. Du er fagleg trygg, tek ansvar og ønskjer å bidra til det gode fellesskapet vårt. Samtidig vil du vere med på å videreutvikle ei berekraftig teneste for framtida.

  • Fokus på forebygging og støtte opp under brukar sine eigne ressursar
  • Dokumentasjon av observasjonar, målingar og pleie i henhold til lov og forskrift

Justeringar og endringar innan for arbeidsgjevar sin styringsrett kan skje i samsvar med det som er kommunen sine behov til ei kvar tid.

Kvalifikasjonar
  • Søkjaren må vere off. godkjent sjukepleiar
  • Relevant arbeidserfaring er ein fordel
  • Du må kunne nytte digitale fagsystem og velferdsteknologiske løysingar
  • God norsk skriftleg og munnleg framstillingsevne. Kommunen nytta nynorsk i all skriftleg kommunikasjon
  • Du må ha førarkort klasse B
Personlege eigenskapar

Vi ynskjer at du:

  • arbeider målretta, strukturert og sjølvstendig
  • trivast i eit aktivt og til tider travelt miljø der du må kunne omstille deg raskt
  • søkjer faglege utfordringar
  • har godt humør og bidreg til eit positivt arbeidsmiljø

Vi gjer ei heilskapleg vurdering av søkjarane og personlege eigenskapar vert vektlagde.Referansar vert nytta og aktuelle søkjarar kan verte kalla inn til intervju.

  • Gode forsikrings og pensjonsvilkår:
    Ørsta kommune har gode forsikringsordningar i KLP for sine tilsette, som også inkl. frivillig ulukkesforsikring på fritida.
    Som tilsett i Ørsta kommune får du del i ei av Noreg sine sikraste pensjonsordningar: offentleg tenestepensjon . Der dei fleste tenestepensjonar berre vert utbetalt i 10 år, eroffentleg tenestepensjon ei utbetaling som varer frå den dagen du sluttar å jobbe og livet ut. Pensjonen inkluderer også uføre- og etterlattepensjon om noko uventa skulle skje.
    Som medlem i KLP får du i tillegg tilgong til ekstra gode vilkår på bank, forsikring og sparing.

Stillinga er plassert i HTA kap. 4gr. 2- stillingar med krav om min. 3-årig høgskuleutdanning

Tilsetting skjer elles på dei vilkår og med dei rettar som går fram av gjeldande tariffavtalar og kommunale reglement.

Prøvetid
Prøvetid i faste stillingar er 6 mnd. I lengre vikariat er det høvesvis. Fråvær går til fråtrekk.

Intern søkjar
Dersom du ynskjer å bli vurdert ut fra kriterium forintern fortrinnsrett til stillinga, hakar du av på omsyn – intern søkjar. D ette gjeld berre for tilsette i Ørsta kommune som er ufrivillig deltids tilsett, har jobba i kommunen i til saman 12 månadar dei siste 2 åra, eller har andre faktorar knytt til lov- og avtaleverk som kan gi grunnlag for fortrinnsrett.jfAML §14.

Dokumentasjon
Vitnemål/lenke til vitnemålsportalen og attestar frå tidlegare arbeidsforhold skal lastast opp i Webcruiter. Originale/bekrefta kopiar skal takast med til intervju. Vitnemål og attestar dannar grunnlaget for fastsetjing av ansiennitet og rett løn. Vi ber difor at du sender inn dokumentasjon på alle tidlegare arbeidsforhold. Attesten må innehalde dato frå-til, samt stillingsstørrelse eller antal timar.

Om offentleglova
Når du søker jobb hos oss, vil namnet ditt stå på ei offentleg søkarliste, i samsvar med offentleglova §25.Ønsker du å at namnet ditt skal vere unnateke fra den offentlege søkarlista, må du grunngje dette i søknadsskjemaet. Dersom kommunen meiner at det ikkje er grunnlag for fritak, vil du få beskjed og få tilbod om å trekkje søknaden før endeleg søkjarliste vert laga.

Ørsta kommune er med om lag 11 000 innbyggjarar ei av dei største kommunane iMøre og Romsdal. Kommunenhar ein variert arbeidsmarknad og næringsliv. Den gode geografiske plasseringa vår i lina mellom Eiksundsambandet og Kvivsvegen gjev også kort veg til anna næringsliv i regionen Søre Sunnmøre/Nordfjord, og til utdanningstilbod i Ørsta og Volda. Kommunen har gode kommunikasjonar. Flyplassen har fleire daglege direkteruter til Oslo og Bergen.

Utvikling - gjennom medverknad, tilbakemelding og verdsetjing av kunnskap

Heiltidskultur og inkludering
Ørsta kommune arbeider for å skape ein heiltidskultur, der heile stillingar er det naturlege. Kvalitet på tenestene, kontinuitet og tryggleik skal stå i sentrum. Som tilsett er du ein viktig medspelar i kommunen sine utviklingsarbeid.

Ørsta kommune skal i størst mogleg grad avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi oppfordrar kvalifiserte kandidatar til å søke uansett alder, kjønn, funksjonsnedsetting, kulturell bakgrunn eller hol i CV `en. Tilsettinga skjer elles på dei vilkår og med dei plikter som følgjer av lov, tariffavtaler og reglement.

Get your free, confidential resume review.

or drag and drop your file here.

Similar jobs

Similar jobs worth comparing

Pleiemedarbeidar Vartdal helsetun, vikariat
Pleiemedarbeidar Vartdal helsetun, vikariat

Ørsta kommune • Vartdal

On-site
NOK 320,000 - 460,000
Offentlig tjenestepensjon
Forsikring
Tilkallingsvikar, Felleskjøkkenet Hjørundfjordheimen
Tilkallingsvikar, Felleskjøkkenet Hjørundfjordheimen

Ørsta kommune • Sæbø

On-site
NOK 248,000 - 344,000
Forsikring i KLP
Offentleg tenestepensjon
Tilkallingsvikar, Felleskjøkkenet Hjørundfjordheimen
Tilkallingsvikar, Felleskjøkkenet Hjørundfjordheimen

Helse, omsorg og velferd, Ørsta kommune • Sæbø

On-site
NOK 248,000 - 331,000
Gode forsikrings- og pensjonsvilkår
Offentlig tjenestepensjon
Miljøterapeut/ vernepleiar- Bu og habilitering, Dalevegen 30-32 vikariat
Miljøterapeut/ vernepleiar- Bu og habilitering, Dalevegen 30-32 vikariat

Ørsta kommune, Bu og Habilitering • Ørsta

On-site
NOK 520,000 - 660,000
Forsikringsordningar
Pensjonsordningar
KLP fordeler
Off. godkjent sjukepleiar-vikariat natt
Off. godkjent sjukepleiar-vikariat natt

Heimetenester, Ørsta kommune • Ørsta

On-site
NOK 420,000 - 560,000
Gode forsikringer
Pensjonsordning
KLP-tilknytning
Pleiemedarbeidar Vartdal helsetun, vikariat
Pleiemedarbeidar Vartdal helsetun, vikariat

DeepOcean • Vartdal

On-site
NOK 360,000 - 480,000
Godt arbeidsmiljø
Utfordrande og varierte arbeidsoppgåve
Gode forsikrings- og pensjonsvilkår
Pleiemedarbeidar Vartdal helsetun, vikariat
Pleiemedarbeidar Vartdal helsetun, vikariat

Ørsta kommune • Ørsta

On-site
NOK 350,000 - 420,000
Gode pensjonsordningar (KLP)
Ulykkesforsikring
Offentleg tenestepensjon
+1
Off. godkjent sjukepleiar-vikariat natt
Off. godkjent sjukepleiar-vikariat natt

Twoja Norwegia • Ørsta

Remote
NOK 420,000 - 540,000
Gode forsikringsvilkår
Pensjonsordning i KLP
Off. godkjent sjukepleiar med teamleiarfunksjon
Off. godkjent sjukepleiar med teamleiarfunksjon

DeepOcean • Vartdal

On-site
NOK 520,000 - 680,000
Pensjonsordning
Forsikringsordning
100% stilling
Tilkallingsvikar lærar - Ørstaskulen skuleåret 2026/2027
Tilkallingsvikar lærar - Ørstaskulen skuleåret 2026/2027

Oppvekst, kultur og inkludering, Ørsta kommune • Ørsta

On-site
NOK 420,000 - 540,000
Top locations