Get a reply from this employer
Your resume and cover letter, tailored to exactly what they’re hiring for.
Helse Bergen HF i Bergen søkjer sjukepleiar til nattvakt ved DPS Bjørgvin, C1 Tertnes døgnbehandling. Vikariatet er 80% og startar 25.01.2027 til 09.05.2027, i eit tverrfagleg miljø med fokus på tryggleik og god pasientoppfølging.
Du vil få ansvar for miljøterapeutisk oppfølging, dokumentasjon i elektronisk pasientjournal og samarbeid med teamet. Søkjarar med norsk autorisasjon og interesse for psykisk helsevern vert opprinneleg oppmoda til å søke.
Vil du vere ein del av eit engasjert fagmiljø innen psykisk helsevern?
Ved Bjørgvin distriktspsykiatriske senter (DPS), C1 Tertnes døgnbehandling, har vi ledig eit 80% vikariat for sjukepleiar på natt i perioden 25.01.27 - 09.05.27.
C1 er ein open allmennpsykiatrisk døgnpost med 15 sengeplassar. Vi tilbyr utgreiing, behandling og stabilisering til vaksne pasientar med ulike psykiske lidingar. Behandlinga er tverrfagleg og tek utgangspunkt i den enkelte pasienten sine behov, ressursar og mål.
Som sjukepleiar på natt har du ei viktig rolle i å sikre tryggleik, kontinuitet og god oppfølging av pasientane gjennom natta. Du blir ein del av eit engasjert og inkluderande arbeidsmiljø, der samarbeid, fagleg utvikling og god pasientbehandling står sentralt.
Vi ser etter deg som har interesse for psykisk helsevern, og som trivst med ansvar og sjølvstendig arbeid i tett samarbeid med kollegaer.
Vi har per i dag ei turnusordning med arbeid kvar fjerde helg.
Vi ønsker å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søke ledige stillingar uansett, alder, funksjonsevne og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å legge til rette for inkluderande rekruttering.
Øyvind Thomassen,Seksjonsleiar,91810934
Tertnesveien 37
5113Tertnes