Get a reply from this employer
Your resume and cover letter, tailored to exactly what they’re hiring for.
Helse Bergen HF søkjer helsefagarbeidar til ein fast 40% nattevakt ved Bjørgvin DPS C1 med oppstart frå januar 2027 eller etter avtale. Arbeidet omfattar miljøterapeutisk oppfølging, dokumentasjon i elektronisk pasientjournal og deltaking i eit tverrfagleg team.
Stillinga krev norsk autorisasjon, gode norskkunnskapar og grunnleggjande digitale ferdigheiter. Turnusordning med arbeid kvar fjerde helg, og eit inkluderande arbeidsmiljø med fagleg utvikling.
Vil du jobbe innan psykisk helsevern?
Ved Bjørgvin distriktspsykiatriske senter (DPS), C1 Tertnes døgnbehandling, har vi ledig ei fast 40% stilling som helsefagarbeidar på natt, med oppstart frå januar 2027 eller etter avtale.
C1 er ein open allmennpsykiatrisk døgnpost med 15 sengeplassar. Vi tilbyr utgreiing, behandling og stabilisering til vaksne pasientar med ulike psykiske lidingar. Behandlinga er tverrfagleg og tar utgangspunkt i den enkelte pasienten sine behov, ressursar og mål.
Hos oss blir du ein del av eit engasjert fagmiljø der samarbeid, tryggleik og god pasientbehandling står sentralt.Vi har per i dag ei turnusordning med arbeid kvar fjerde helg ved C1.
Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning fra Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Julie Christine Løseth Silver,Ass. seksjonsleiar,90624772
Øyvind Thomassen,Seksjonsleiar,91810934
Tertnesveien 37
5113Tertnes
Arbeidsgivar: Helse Bergen HF
Referansenr.: 5193897345
Stillingsprosent: 40%
Fast
Søknadsfrist: 10.11.2026