Turn this role into an interview — a resume and cover letter built around what this employer wants.
Namsfogden i Ålesund i Møre og Romsdal politidistrikt søker ein namsfullmektig/saksbehandlar. Stillinga gjev ansvaret for utlegg og andre namsmannsoppgåver i kommunane Ålesund, Haram, Giske, Sula og Fjord.
Arbeidsstad er politihuset i Ålesund, med høg arbeidsbelastning og direkte publikumskontakt. Søkjarar må ha god norsk munnleg og skriftleg framstillingsevne, vere flinke med IT, ha plettfri vandel og vere skikka for teneste i politiet med krav om politiattest.
Møre og Romsdal politidistrikt har ledig ei fast stilling som namsfullmektig/saksbehandlar ved Namsfogden i Ålesund.
Namsfogden i Ålesund har ansvar for namsmannsoppgåver (utlegg, utkasting, tvangssal m.m.), stevnevitne, forliksråd og gjeldsordning for kommunane Ålesund, Haram, Giske, Sula og Fjord. Seksjonen har 13 tilsette med variert bakgrunn, utdanning, erfaring og alder. Stillinga har arbeidsstad på politihuset i Ålesund.
Vi er på jobb for eit trygt Noreg. Som ein del av politiet sitt viktige samfunnsoppdrag, skal vi førebyggje og nedkjempe kriminalitet, skape tryggleik og vareta rettstryggleiken.Vi trur at mangfald bidrar til betre oppgåveløysing, og søkjer derfor medarbeidarar med ulik bakgrunn, erfaring, perspektiv og kompetanse. Dersom du har behov for tilrettelegging i rekrutteringsprosessen eller arbeidskvardagen, vil vi gjere vårt beste for å gi deg det du treng.
Vi søkjer etter ein motivert og effektiv tilsett som ønskjer å bidra til og i eit godt fag- og arbeidsmiljø. Primære arbeidsoppgåver i stillinga vil vere innan utlegg.
Du kan arbeide sjølvstendig i eit hektisk arbeidsmiljø med mange gjeremål, og er komfortabel med direkte publikumskontakt. Du evner å styre din eigen kvardag og oppgåver. Motivasjon og om du er personleg eigna blir vektlagt.
Jobb hos Namsfogden i Ålesund krev at du er økonomisk vederheftig. Ved eit eventuelt intervju må du ta med deg utskrift av kredittinformasjon om deg sjølv for å vise at du ikkje har betalingsmerknadar. Dette kan ein hente ut gratis på nett. Kandidaten sjølv sladdar likningsopplysningar på utskrifta.
Dette må du ha for å vere kvalifisert:
Det er også ønskjeleg med
Som medarbeidar i politiet har du høg etisk medvit, du blir kjenneteikna av å vere modig og heilskapsorientert, du viser respekt og er tett på. Du kan lese meir om dei etiske retningslinjene våre og medarbeidarplattformen her .
Tilsetting skjer på vilkår fastsett i statsansatteloven og personalreglement for politiet, derunder at prøvetida er seks månadar.
Dersom du har funksjonsnedsetting, innvandrarbakgrunn eller hol i CV-en, er det høve til å krysse av for dette i søknaden. Er du kvalifisert for stillinga, vil du bli vurdert for positiv særbehandling. Det inneber at minst éin søkjar frå kvar av desse gruppene blir innkalla til intervju.
Les meir om positiv særbehandling når ein søkjer jobb i staten her .
Opplysningane du gir, blir brukt til å utarbeide anonymisert statistikk som alle statlege verksemder rapporterer i sine årsrapportar.
Video:Opplysningar om deg kan bli offentleggjorde sjølv om du har bede om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teken til følgje, vil du bli varsla om dette.
Mellom hav, fjordar og fjell finn du Møre og Romsdal politidistrikt som er eitt av 12 politidistrikt i Noreg. Vi femnar om eit område på 15 099 kvadratkilometer med ei befolkning på om lag 272 000 menneske.
Dei tre største byane, Ålesund, Molde og Kristiansund, er regionsenter for høvesvis Sunnmøre, Romsdal og Nordmøre. Politidistriktet har også kontinentalsokkelberedskap frå Stad til Helgeland.
Politidistriktet med om lag 650 tilsette, vert leia av politimeister Elin Anja Drønnen som har hovudsete i Ålesund. Vi er organisert i to geografiske driftseiningar med til saman 18 politistasjonar og sommaråpen politistasjon i Geiranger. I tillegg har vi fire funksjonelle driftseiningar. Det er felles eining for påtale, felles eining for operativ teneste, felles eining for etterretning, førebygging og etterforsking, og felles eining for utlending, forvaltning og sivil rettspleie. I tillegg kjem PST og tre leiarstøttestabar; kommunikasjon, verksemdstyring og HR/HMS.