Førstekonsulent

Arbeidsplassen

Ålesund

On-site

NOK 510,000 - 620,000

Full time

14 days+
Application generator

An application made for this job — a tailored resume and cover letter that speak straight to the posting.

Get past ATS filters

Benefits offered by this job

Medlemskap i Statens pensjonskasse
Trening i arbeidstida
IA-bedrift

Job summary

Arbeidsplassen søker førstekonsulent i Ålesund som skal støtte straffesaksarbeidet ved Felles eining for påtalers administrative støttefunksjonar. Du får ansvaret for postbehandling, registrering av digitale nettanmeldingar og kvalitetssikring i BL/Strasak i nært samarbeid med påtal jurist og etterforskar.

Stillinga krev plettfri vandel og godkjent utdanning. Saman med dei andre oppgåver blir du ein viktig del av eit engasjert team i politidistriktet, med fokus på effektivitet og rettstryggleik.

Qualifications

  • Førstesøker må vere skikka for teneste i politiet og ha plettfri vandel.
  • Evne til å registrere og organisere saksmateriale etter gjeldande regelverk.

Responsibilities

  • Behandle inn- og utgåande post.
  • Registrere digitale nettanmeldingar.
  • Kvalitetssikre opplysningar registrert i BL/Strasak i samarbeid med påtalejurist og etterforskar.
  • Påleggast andre oppgåver innanfor seksjonen av næraste leiar.

Skills

Nøyaktig og strukturert
Løsningsorientert

Education

Utdanning godkjent av NOKUT

Job description

Møre og Romsdal politidistrikt har no ledig fast stilling som førstekonsulent innan administrative støttefunksjonar i Ålesund. Stillinga er underlagt Felles eining for påtale og støtter påtaleansvarleg jurist med administrative oppgåver i straffesaksbehandlinga for å sikre at straffesaksarbeidet blir gjennomført effektivt og med høg kvalitet.

Felles eining for påtale har eit overordna ansvar for etterforsking, påtale og rettsforfølging av straffesaker i politidistriktet. Eininga har fagansvar for straffesaksbehandling og skal sikre høg kvalitet gjennom forsvarlig og effektiv forvalting av den samla straffesaksporteføljen til distriktet. Eininga har ansvar for å sørgje for at gjeldande regelverk som straffeprosesslova, påtaleinstruksen, Riksadvokatens mål og prioriteringar og andre direktiv for straffesaksarbeidet mv. etterlevast, og at omsynet til objektivitet og rettstryggleik blir vareteken i alle stadium av straffesaksbehandlinga.

Eininga består av fire seksjonar; tre påtaleseksjonar (Nordmøre, Romsdal og Sunnmøre) og ein seksjon for administrative støttefunksjonar (straffesaksseksjon). Seksjon for administrative støttefunksjonar har medarbeidarar i Ålesund, Molde og Kristiansund. Denne stillinga har arbeidsstad i Ålesund.

Vi er på jobb for eit trygt Noreg. Som ein del av politiet sitt viktige samfunnsoppdrag, skal vi førebyggje og nedkjempe kriminalitet, skape tryggleik og vareta rettstryggleiken. Vi trur at mangfald bidreg til betre oppgåveløysing, og søkjer difor medarbeidarar med ulik bakgrunn, erfaring, perspektiv og kompetanse. Om du har behov for tilrettelegging i rekrutteringsprosessen eller arbeidskvardagen, vil vi gjere vårt beste for å gi deg det du treng.

Dette ser vi etter hos ein ny medarbeidar

Vi ser etter ein motivert og sjølvstendig medarbeidar som kan bidra inn i det viktigste straffesaksarbeidet til politiet.

Vi søkjer medarbeidarar som opptrer profesjonelt til ei kvar tid og fungerer som gode ambassadørar for politiet gjennom handlingane sine i det daglege arbeidet. Evne til å vere trygg, nærverande, lydhøyr og å byggje tillit til publikum, er avgjerande for suksess i organisasjonen vår.

I vår vurdering av kandidatar er mellom anna dette noko vi vil leggje vekt på, i tillegg til evna til å bidra til eit inkluderande og respektfullt arbeidsmiljø.

  • behandling av inn- og utgåande post
  • registrering av digitale nettanmeldingar
  • kvalitetssikre opplysningar som blir registrert i BL/Strasak i samarbeid med påtalejurist og etterforskar, herunder riktig koding av sak
  • kan påleggast andre oppgåver innanfor seksjonen av næraste leiar
Kvalifikasjonar

Dette må du ha for å vere kvalifisert:

  • Plettfri vandel og vere skikka for teneste i politiet. Politiattest (uttømmande og utvida) må hentast inn ved eventuell tilsetting, jf. politiloven § 18 og politiregisterloven § 41. Ved søknad på stillinga må ein rekne med at det blir henta inn opplysningar frå enkelte av politiet sine register og system til bruk i vandels- og skikkaheitsvurderinga.

Eventuell utdanning frå utlandet må vere godkjent av Nasjonalt organ for kvalitet i utdanning (NOKUT) eller Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse for å bli vurdert. Søknadar som ikkje har vedlagt dokumentasjon på godkjent utdanning vil ikkje bli behandla.

Det er også ønskjeleg med:

  • relevant erfaring frå saksbehandling innan offentleg forvaltning, fortrinnsvis frå påtaleseksjon, statsadvokat, tingrett eller advokatkontor
  • erfaring frå publikums-/kundebehandling
  • erfaring frå arbeid med analyse/statistikk
Personlege eigenskapar

For å trivast og lykkast i stillinga, ser vi for oss at du:

  • er nøyaktig, strukturert og trivast med å arbeide etter klare retningslinjer
  • er løysingsorientert, effektiv og evner å prioritere i ein spennande kvardag

Personlege eigenskapar blir vektlagt.

Som medarbeidar i politiet har du høg etisk medvit, du blir kjenneteikna av å vere modig og heilskapsorientert, du viser respekt og er tett på. Du kan lese meir om dei etiske retningslinjene våre og om medarbeidarplattformen her .

  • ein utfordrande og spennande arbeidsplass for deg som vil vere med og forme politiet for framtida
  • lønn som førstekonsulent (stillingskode 1408) med årslønn frå kr. 510 000 til kr. 620 000. For særskilt kvalifiserte kan noko høgare lønnsplassering bli vurdert
  • medlemskap i Statens pensjonskasse, med mellom anna gode pensjons- og forsikringsordningar. Les meir på www.spk.no Det blir trekt to prosent frå løna til innskot i Statens pensjonskasse
  • moglegheit for trening i arbeidstida
  • Møre og Romsdal politidistrikt er ei IA-bedrift og er knytt til bedriftshelseteneste

Tilsetting skjer på vilkår fastsett i statsansatteloven og personalreglementet for politiet, derunder at prøvetida er seks månadar.

Dersom du har funksjonsnedsetting, innvandrarbakgrunn eller hol i CV-en, er det høve til å krysse av for dette i søknaden. Er du kvalifisert for stillinga, vil du bli vurdert for positiv særbehandling. Det inneber at minst éin søkjar frå kvar av desse gruppene blir innkalla til intervju.

Les meir om positiv særbehandling når ein søkjer jobb i staten her .

Opplysningane du gir, blir brukt til å utarbeide anonymisert statistikk som alle statlege verksemder rapporterer i sine årsrapportar.

Video:

Mellom hav, fjordar og fjell finn du Møre og Romsdal politidistrikt som er eitt av 12 politidistrikt i Noreg. Vi femnar om eit område på 15 099 kvadratkilometer med ei befolkning på om lag 272 000 menneske. Majestetiske fjellområde som Trollheimen, Romsdalsfjella, Sunnmørsalpane og Tafjordfjellaset naturlege avgrensingar i fylket og politidistriktet. Ein stor del av befolkninga bur langs kysten og på øyar.

Dei tre største byane, Ålesund, Molde og Kristiansund, er regionsenter for høvesvis Sunnmøre, Romsdal og Nordmøre. Politidistriktet har også kontinentalsokkelberedskap frå Stad til Helgeland.

Politidistriktet med om lag 650 tilsette, vert leia av politimeister Elin Anja Drønnen som har hovudsete i Ålesund. Vi er organisert i to geografiske driftseiningar med til saman 18 politistasjonar og sommaråpen politistasjon i Geiranger. I tillegg har vi fire funksjonelle driftseiningar. Det er felles eining for påtale, felles eining for operativ teneste, felles eining for etterretning, førebygging og etterforsking, og felles eining for utlending, forvaltning og sivil rettspleie. I tillegg kjem PST og tre leiarstøttestabar; kommunikasjon, verksemdstyring og HR/HMS.

Get your free, confidential resume review.

or drag and drop your file here.

Similar jobs

Similar jobs worth comparing

Namsfullmektig/førstekonsulent
Namsfullmektig/førstekonsulent

Arbeidsplassen • Ålesund

On-site
NOK 520,000 - 680,000
Førstekonsulent pass/ID
Førstekonsulent pass/ID

Arbeidsplassen • Arendal

On-site
NOK 550,000 - 600,000
Analytiker til styrket etterretningsinnsats mot narkotikarelatert kriminalitet
Analytiker til styrket etterretningsinnsats mot narkotikarelatert kriminalitet

Arbeidsplassen • Kristiansand

On-site
NOK 750,000 - 900,000
Krimvaktleder ved Kristiansand politistasjon
Krimvaktleder ved Kristiansand politistasjon

Arbeidsplassen • Kristiansand

On-site
NOK 638,000 - 780,000
Politibetjenter Ørnes politistasjon
Politibetjenter Ørnes politistasjon

Jim Ragnar Kristiansen • Ørnes - Gárrgonjárrga

On-site
NOK 510,000 - 650,000
Beholdebonus opptil 150 000 kr
Tjenesteordning/IP3 mulighet
Pensjonsordning i SPK
Leder avsnitt spesialavhør i prioriterte saker
Leder avsnitt spesialavhør i prioriterte saker

Arbeidsplassen • Kristiansand

On-site
NOK 775,000 - 810,000
Pensjonsordninger
Moderne bygg
Treningsrom
+2
Avdelingsdirektør - stab for HR og HMS
Avdelingsdirektør - stab for HR og HMS

Arbeidsplassen • Stavanger

On-site
NOK 1,071,000 - 1,449,000
Medlemskap i Statens pensjonskasse
Gode arbeidsbetingelser i tråd medStat
Taktisk etterforsker
Taktisk etterforsker

Arbeidsplassen • Kristiansand

On-site
NOK 566,000 - 650,000
Psykologspesialist
Psykologspesialist

Arbeidsplassen • Kristiansand

On-site
NOK 880,000 - 950,000
Statens pensjonskasse
Namsfullmektig/førstekonsulent
Namsfullmektig/førstekonsulent

Thomas Hammervold • Ålesund

On-site
NOK 530,000 - 590,000
Statens pensjonskasse
Fleksibel arbeidstid
Trening i arbeidstida
+1