A complete application in a minute
Tailored resume and cover letter, ready to send.
Voss herad søkjer tre miljøterapeutar til fast 100 % stilling i avdelinga for psykisk helse. Arbeidet inneber målretta endringsarbeid og miljøterapi i heimen og ambulant verksemd.
Vi søkjer deg med relevant høgskuleutdanning og erfaring frå psykisk helse og rus. Fleksible arbeidstidsordningar og god fagleg rettleiing vert lagt til rette for dei som søkjer.
Vil du vere med å utvikle framtidas tenester innen psykisk helse og rus? Voss herad søkjer 3 x 100 % fast stilling som miljøterapeut
Arbeidstid: Dagstillingar, turnusarbeid (p.t. kvar 4. helg) og langvakter.
Brenn du for recovery-orientert arbeid, og vil du vera med på å forme framtidas psykiske helseteneste i Voss herad? Vi har ledig tre faste 100 % stillingar i vår avdeling for psykisk helse.
Hjå oss blir vegen til medan vi går! Vi er inne i ei spennande tid med omstilling der vi skal forme tenesta for framtidas behov. Vi skal satse meir på gruppetilbod, delta i eit interkommunalt forprosjekt om FACT-team i samhandling med lokalt DPS og har i tillegg eit pågåande forprosjekt knytt til kartlegging av musikkterapi.
Sidan vi skal forme vegen videre saman, er vi opne for fleire profesjonar og ønskjer å sjå kven som søkjer! Vi treng deg som ynskjer utvikling og som har lyst til å bruke din spesifikke fagkompetanse inn i nye samhandlingsmodellar.
Vi arbeider med eit breitt spekter av utfordringar – frå lågterskeltilbod til komplekse, samansette saker hjå både ungdom og vaksne. Fagleg står vi støtt i endringsarbeid, miljøterapeutiske tiltak og ei mentaliserande tilnærming. Vi har eit sterkt fokus på sjølvstendiggjering av pasientane. Målet vårt er alltid å hjelpe den enkelte til å meistre sitt eige liv, noko som sikrar ein god dynamikk, flyt og sirkulasjon i tenestetilbodet vårt.
Vi søkjer primært deg med 3-årig helse-, sosial- eller kulturfagleg høgskuleutdanning (til dømes sjukepleiar, vernepleiar, sosionom, barnevernspedagog og eller musikkterapeut). Har du anna relevant utdanning på bachelor- eller masternivå kombinert med god realkompetanse, er du også særs aktuell for stillingane.
Med bakgrunn i samansetnaden i arbeidsmiljøet og behova til brukarane våre, ønskjer vi å oppmode menn til å søkje.
For nærare informasjon om stillingane og våre pågåande forprosjekt, ta gjerne kontakt med avdelingsleiar
Gyldig politiattest må leggjast fram før tiltreding
Me ynskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal gje eit bilete av folkesetnaden generelt. Me oppmodar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hjå oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller kulturell bakgrunn. Etter søknadsfristen vert det sett opp ei offentleg søkjarliste som inneheld namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustadseller arbeidskommune for kvar søkjar. I fylgje offentlegheitslova