Turn this role into an interview — a resume and cover letter built around what this employer wants.
Voss herad søkjer tre faste 100 % stillingar som miljøterapeut ved avdeling for psykisk helse. Arbeidstid: dagstillingar, turnus og langvakter.
Vi jakta fagkompetanse i arbeidet med recovery-orientert tilnærming og teamarbeid i ei omstillingsfase. Søkjarar med relevant utdanning og vilje til tverrfagleg samarbeid blir vurdert.
Vil du vere med å utvikle framtidas tenester innan psykisk helse og rus? Voss herad søkjer 3 x 100 % fast stilling som miljøterapeut
Arbeidstid: Dagstillingar, turnusarbeid (p.t. kvar 4. helg) og langvakter.
Brenn du for recovery-orientert arbeid, og vil du vera med på å forme framtidas psykiske helseteneste i Voss herad? Vi har ledig tre faste 100 % stillingar i vår avdeling for psykisk helse.
Hjå oss blir vegen til medan vi går! Vi er inne i ei spennande tid med omstilling der vi skal forme tenesta for framtidas behov. Vi skal satse meir på gruppetilbod, delta i eit interkommunalt forprosjekt om FACT-team i samhandling med lokalt DPS og har i tillegg eit pågåande forprosjekt knytt til kartlegging av musikkterapi.
Sidan vi skal forme vegen videre saman, er vi opne for fleire profesjonar og ønskjer å sjå kven som søkjer! Vi treng deg som ynskjer utvikling og som har lyst til å bruke din spesifikke fagkompetanse inn i nye samhandlingsmodellar.
Vi arbeider med eit breitt spekter av utfordringar – fra lågterskeltilbod til komplekse, samansette saker hjå både ungdom og vaksne. Fagleg står vi støtt i endringsarbeid, miljøterapeutiske tiltak og ei mentaliserande tilnærming. Vi har eit sterkt fokus på sjølvstendiggjering av pasientane. Målet vårt er alltid å hjelpe den enkelte til å meistre sitt eige liv, noko som sikrar ein god dynamikk, flyt og sirkulasjon i tenestetilbodet vårt.
Vi søkjer primært deg med 3-årig helse-, sosial- eller kulturfagleg høgskuleutdanning (til dømes sjukepleiar, vernepleiar, sosionom, barnevernspedagog og eller musikkterapeut). Har du anna relevant utdanning på bachelor- eller masternivå kombinert med god realkompetanse, er du også særs aktuell for stillingane.
Med bakgrunn i samansetnaden i arbeidsmiljøet og behova til brukarane våre, ønskjer vi å oppmode menn til å søkje.
Gyldig politiattest må leggjast fram før tiltreding
Me ynskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal gje eit bilete av folkesetnaden generelt. Me oppmodar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hjå oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller kulturell bakgrunn. Etter søknadsfristen vert det sett opp ei offentleg søkjarliste som inneheld namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustadseller arbeidskommune for kvar søkjar. I fylgje offentlegheitslova § 25 2. ledd kan opplysningar om søkjaren verta offentleggjort sjølv om søkjaren har bede om ikkje å verta oppført på søkjarlista. Søkjaren vert varsla dersom førespurnaden ikkje vert teken til fylgje.
Livet er meir enn arbeid. På Voss kan du gå på ski om vinteren eller på fjelltur om sommaren, nokon et smalahove, høyrer på jazz eller driv med ekstremsport.Vossevangen er regionsenteret vårt. Me har eit godt utbygt næringsliv, er eit senter for utdanning i regionen og me er et knutepunkt mellom aust og vest. Bergensbanen går gjennom Vossevangen, og me har godt togsamband til både Bergen og Oslo.Voss herad har om lag 16.000 innbyggjarar og er den største arbeidsgjevaren i bygda, med om lag 1350 tilsette. Nynorsk er administrasjonsmålet i Voss herad.Verdiane våre er profesjonell - påliteleg - skapande - inkluderande