Get a reply from this employer
Your resume and cover letter, tailored to exactly what they’re hiring for.
Psykisk helsevern for barn og unge, Helse Førde søker miljøterapeut med medisinsk kompetanse til ungdomsavdelingen UPH i Førde. Stillingen er 100% fast med oppstart i januar 2027 og inngår i tredelt turnus.
Arbeidsoppgåver inkluderer miljøterapeutiske oppgåver, oppfølging frå behandlingsplan og samarbeid med eksterne partar. Menn blir oppmoda til å søkje.
Tilbodet inkluderer lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst, gode pensjons- og forsikringsordningar og eit aktivt fagmiljø.
Ungdomsavdeling psykisk helsevern (UPH)er ein av fire seksjonar i Psykisk helsevern for barn og unge (PBU) i Helse Førde. UPH er ei døgnavdeling for ungdom i alderen 12-18 år, og den einaste av sitt slag i Helse Førde. Avdelinga har akutt-, intermediær- og langtidsplassar.
Vi søkjer miljøterapeut med medisinsk kompetanse (sjukepleiar/vernepleiar):
Vi ønskjer å fremje kjønnsbalanse i avdelinga og oppmodar difor menn til å søkje.
Det vil bli lagt stor vekt på personlege eigenskapar
Vi oppfordrar alle søkjarar til nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Frank Roger Kalstad,Seksjonsleiar,(+47) 578 39 786
Svanehaugvegen 7
6812Førde
Arbeidsgiver: Helse Førde
Referansenr.: 5205446067
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 22.11.2026
Seksjonsleiar
Helse Førde HF har ansvar for spesialisthelsetenestene i Sogn og Fjordane. Føretaket arbeider for å gje pasientar og brukarar eit godt og heilskapeleg tilbod innanfor gjeldande rammer. Helse Førde sine institusjonar og prehospitale tenester er organisert i eit heilskapleg nettverk, og samarbeidet med andre instansar som m.a. kommunane er høgt prioritert. Føretaket har om lag 3 200 tilsette og eit budsjett på ca 4 milliardar kroner og er den største verksemda i Sogn og Fjordane. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset.
Helseføretaket er eigd av det statlege Helse Vest RHF. Føretaksgruppa i Helse Vest skal spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, fleirkulturell bakgrunn eller om du har hatt opphald frå arbeidslivet.Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.