Get a reply from this employer
Your resume and cover letter, tailored to exactly what they’re hiring for.
Helse Førde HF søkjer miljøterapeut med medisinsk kompetanse til ungdomsavdelinga ved UPH i Førde. Stillinga inngår i tredelt turnus, og vil krevje tett oppfølging av behandlingsplanar i eit kunnskapsrikt fagmiljø.
Kvalifikasjonar inkluderer autorisasjon som sjukepleiar/vernepleiar og solid erfaring frå miljøterapeutisk arbeid med ungdom. Søkjarar vert oppmoda om å søkje nasjonalt og i eit inkluderande miljø.
Ungdomsavdeling psykisk helsevern (UPH)er ein av fire seksjonar i Psykisk helsevern for barn og unge (PBU) i Helse Førde. UPH er ei døgnavdeling for ungdom i alderen 12-18 år, og den einaste av sitt slag i Helse Førde. Avdelinga har akutt-, intermediær- og langtidsplassar.
Vi søkjer miljøterapeut med medisinsk kompetanse (sjukepleiar/vernepleiar):
Vi ønskjer å fremje kjønnsbalanse i avdelinga og oppmodar difor menn til å søkje.
Det vil bli lagt stor vekt på personlege eigenskapar
Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning fra Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
H else Førde HF har ansvar for spesialisthelsetenestene i Sogn og Fjordane. Føretaket arbeider for å gje pasientar og brukarar eit godt og heilskapeleg tilbod innenfor gjeldande rammer. Helse Førde sine institusjonar og prehospitale tenester er organisert i eit heilskapleg nettverk, og samarbeidet med andre instansar som m.a. kommunane er høgt prioritert. Føretaket har om lag 3 200 tilsette og eit budsjett på ca 4 milliardar kroner og er den største verksemda i Sogn og Fjordane. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset.
Helseføretaket er eigd av det statlege Helse Vest RHF. Føretaksgruppa i Helse Vest skal spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, fleirkulturell bakgrunn eller om du har hatt opphald fra arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruting.