Get a reply from this employer
Your resume and cover letter, tailored to exactly what they’re hiring for.
Tolomarka omsorg og avlastning har eit avlastningstilbod og bosituasjonar for vaksne. Me søkjer motiverte miljøarbeidarar som har erfaring med utviklingshemming eller autismespekterforstyrringar. Stillingane 100 % og 80 % er ledige frå 1. februar 2027.
Kvalifikasjonane inkluderer norsk autorisasjon som helsefagarbeidar, gode relasjonar og kommunikasjonsferdigheiter, samt evne til å arbeide sjølvstendig. Me set pris på MAP-kurs eller liknande og norsk skriftleg og munnleg kompetanse.
Tolomarka omsorg og avlastning har eit avlastningstilbod for barn og unge i alderen 7 til 18 år og bufellesskap for vaksne. Me har no ledige stillingar som miljøarbeidarar. Me søkjer motiverte medarbeidarar med erfaring og kunnskap om personar med utviklingshemming eller autismespekterforstyrringar.
Er du ein engasjert, initiativrik og trygg vaksen? Då kan du vera den me søkjer etter!
I Tolomarka omsorg og avlastning ønskjer me å bidra til at tenestemottakarane kan oppretthalda god livskvalitet, ha gode relasjonar til dei rundt seg og ta del i meiningsfullt arbeid, utdanning og aktivitet. Mehjelper tenestemottakarane i alle aspekt av livet; påjobb og i heimen, til kvardag og til fest, i gode og i dårlege dagar. Mykje av arbeidet vårt foregår iteam, etter prinsippa om målretta miljøarbeid.
Me ønskjer oss medarbeidarar med god fagkompetanse og eit sterkt engasjement
Ved nytilsetjing skal den tilsette levera politiattest uten merknader, etter Helse og omsorgslova. Denne skal ikkje leggast ved søknaden, men må leverast til leiar før oppstart i stillinga. Politiattesten må ikkje vera eldre enn 3 månadar.
Me ynskjer oss deg som er:
Den kommunale organisasjonen skal i størst mogleg grad spegla mangfaldet i folkesetnaden. Målet er difor å oppnå ei balansert samansetjing når det gjeld alder, kjønn og kulturell bakgrunn. Kvam herad ønskjer å inkludera og leggja til rette for personar med nedsett funksjonsevne.
Gruppeleiar Tolomarka omsorg og avlastning
Oppdag Kvam - framtida er her! Med sine 8500 innbyggjarar ligg Kvam vakkert plassert i hjarta av Hardanger og ved Hardangerfjorden, berre ein times køyretur frå Bergen. Her møter du ein natur som inviterer til aktiv fritid både sommar og vinter. Kvam, heimkommunen til nobelprisvinnar Jon Fosse, byr på eit rikt kultur- og organisasjonsliv med festivalar for ein kvar smak.
Naturopplevingar og aktivitetarVed fjorden finn du idylliske badestrender midt i sentrum av både Norheimsund og Øystese. For deg med lidenskap for langrenn eller toppturar, tilbyr Sjusete skisenter og fjellområdet Kvamskogen fantastiske skiforhold.
Ein kommune for framtidaMe har eit godt utbygd skuletilbod med to vidaregåande skular. Kvam vidaregåande skule og kulturhus opna i januar 2026 og ligg i Norheimsund sentrum. Skulen har fagtilbod innan yrkesfag og studiespesialiserande linjer. I samme bygg finn du vaksenopplæringa, Kvam kino, folkebibliotek og skulebibliotek.