Get a reply from this employer
Your resume and cover letter, tailored to exactly what they’re hiring for.
Tolomarka omsorg og avlastning i Kvam herad søkjer motiverte miljøre og helsefagarbeidarar til fast stilling 100% frå 1. februar 2027 og 80% frå same dato. Arbeidet omfattar å støtte bebuarar med utviklingshemming i dagleg liv, heimesituasjon og i aktivitetar, med obligatorisk lovpålagt politiattest og krav til fagkompetanse.
Me tilbyr eit godt fagmiljø, tverrfagleg samarbeid og løn etter tariffavtale. Turnusar varierer mellom langvakter opp til 12,5 timar og dag/kveldsvakter, med moglegheit for
Tolomarka omsorg og avlastning har eit avlastningstilbod for barn og unge i alderen 7 til 18 år og bufellesskap for vaksne. Me har no ledige stillingar som miljøarbeidarar. Me søkjer motiverte medarbeidarar med erfaring og kunnskap om personar med utviklingshemming eller autismespekterforstyrringar.
Er du ein engasjert, initiativrik og trygg vaksen? Då kan du vera den me søkjer etter!
I Tolomarka omsorg og avlastning ønskjer me å bidra til at tenestemottakarane kan oppretthalda god livskvalitet, ha gode relasjonar til dei rundt seg og ta del i meiningsfullt arbeid, utdanning og aktivitet. Mehjelper tenestemottakarane i alle aspekt av livet; på jobb og i heimen, til kvardag og til fest, i gode og i dårlege dagar. Mykje av arbeidet vårt foregår iteam, etter prinsippa om målretta miljøarbeid.
Me ønskjer oss medarbeidarar med god fagkompetanse og eit sterkt engasjement
Ved nytilsetjing skal den tilsette levera politiattest uten merknader, etter Helse og omsorgslova. Denne skal ikkje leggast ved søknaden, men må leverast til leiar før oppstart i stillinga. Politiattesten må ikkje vera eldre enn 3 månadar.
Me ynskjer oss deg som er:
Generell informasjon:
Den kommunale organisasjonen skal i størst mogleg grad spegla mangfaldet i folkesetnaden. Målet er difor å oppnå ei balansert samansetjing når det gjeld alder, kjønn og kulturell bakgrunn. Kvam herad ønskjer å inkludera og leggja til rette for personar med nedsett funksjonsevne.
Lars Kristian Skår,Gruppeleiar Tolomarka omsorg og avlastning,+47 970 79 638
Furuflaten 4
5600Norheimsund
Arbeidsgivar: Kvam herad
Referansenr.: 5205945487
Stillingsprosent: 100, 80%
Fast
Startdato: 01.02.2027
Søknadsfrist: 09.12.2026