A complete application in a minute
Tailored resume and cover letter, ready to send.
Kvam herad i Strandebarm søkjer ein gruppeleiar som kan kombinera personalansvar og dagleg leiing med klinisk arbeid som sjukepleiar. Stillinga er ledig frå 1.desember 2026, og omfattar om lag 100% stilling i ei gruppe på rundt 20 årsverk.
Tilsette skal vere med i eit leiarteam, med fokus på pasienttryggleik, fagleg rettleiing og utvikling av tenestene i heile tenesta. Ta kontakt for nærare opplysningar og startavtale.
Me ser etter deg som er framtidsretta og løysingsorientert og som ynskjer å kombinera personalansvar og dagleg leiing med klinisk arbeid som sjukepleiar
Pleie og omsorgstenesta i Kvam har fokus på "Eit godt liv der me bur" og har som mål å skapa omsorgstenester for framtida. Meir satsing på tenester til heimebuande er sentralt i den nye omsorgsmodellen. Fagmiljøet ved Strandebarm omsorg består i dag av sjukepleiarar, helsefagarbeidarar, pleiemedarbeidar, aktivitør, fysioterapeut og lege.
Ved nytilsetjing skal den tilsette levera politiattest utan merknader, etter Helse og omsorgslova. Denne skal ikkje leggast ved søknaden, men må leverast til leiar før oppstart i stillinga. Politiattesten må ikkje vera eldre enn 3 månadar.
Siw Waage Solvåg,Leiar for heildøgns omsorg,992 74 317, siwsol@kvam.kommune.no
Elisabeth Svåsand,Gruppeleiar i Strandebarm,+47 918 17 408
Tangeråsneset
5630Strandebarm
Med sine 8500 innbyggjarar ligg Kvam vakkert plassert i hjarta av Hardanger og ved Hardangerfjorden, berre ein times køyretur frå Bergen. Her møter du ein natur som inviterer til aktiv fritid både sommar og vinter. Kvam, heimkommunen til nobelprisvinnar Jon Fosse, byr på eit rikt kultur- og organisasjonsliv med festivalar for ein kvar smak.
Ved fjorden finn du idylliske badestrender midt i sentrum av både Norheimsund og Øystese. For deg med lidenskap for langrenn eller toppturar, tilbyr Sjusete skisenter og fjellområdet Kvamskogen fantastiske skiforhold.
Me har eit godt utbygd skuletilbod med to vidaregåande skular. Kvam vidaregåande skule og kulturhus opna i januar 2026 og ligg i Norheimsund sentrum. Skulen har fagtilbod innan yrkesfag og studiespesialiserande linjer. I samme bygg finn du vaksenopplæringa, Kvam kino, folkebibliotek og skulebibliotek.