Get more replies from employers
Send a job-specific resume in minutes.
Biobank Haukeland er ein sjølvstendig seksjon ved Haukeland universitetssjukehus som tilbyr biobanking og forskingsstøtte til interne og eksterne forskingsmiljø. Vi søker no ein vikar i samband med svangerskapspermisjon, og du blir ein del av eit fagleg sterkt miljø med fokus på kvalitet og service.
Du deltek i blodprøvetaking, set deg inn i forskingsprotokollar og held deg oppdatert på gjeldande prosedyrar og krav.
Biobank Haukeland er ein sjølvstendig seksjon i Laboratorieklinikken ved Haukeland universitetssjukehus. Vi tilbyr biobanking og forskingsstøtte til interne og eksterne forskingsmiljø, og er ein viktig samarbeidspartnar for forsking ved sjukehuset. Seksjonen består av ni engasjerte medarbeidarar, og vi søker no etter ein vikar i samband med svangerskapspermisjon.
Biobank Haukeland spelar ei sentral rolle i forskinga ved Haukeland Universitetssjukehus. Vi disponerer moderne og avansert utstyr for biobanking, og samarbeider tett med dei andre avdelingane i Laboratorieklinikken for å tilby heilskaplege løysingar innan forskingsstøtte, prosjektarbeid og biobanking integrert i sjukehuslogistikken. Vi har eit breitt nettverk av samarbeidspartnarar og deltar i det nasjonale konsortiet for biobanker, Biobank Norge.
Målet vårt er å sikre høg kvalitet på forskingsprøvar og analysar gjennom rådgjeving, tilrettelegging, prøvehandtering og trygg lagring av biologisk materiale.
Vi ser etter deg som er engasjert, strukturert og løysningsorientert. Du trivst med varierte arbeidsoppgåver, arbeider sjølvstendig og tek ansvar, samtidig som du er ein god lagspelar. Hos oss får du ein variert og meiningsfull arbeidskvardag i eit fagleg sterkt miljø, der kvalitet, samarbeid og service står i sentrum. Du blir ein del av eit team som legg til rette for viktig forsking og kunnskapsutvikling til nytte for pasientar og helsetenesta.
Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook .
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.