A complete application in a minute
Tailored resume and cover letter, ready to send.
Fjord1 - Maritim Drift søker etter ein matros for å arbeide både i fast sambandsdrift og på reserveferje. Stillinga har fast turnus, og du vert disponert i sommarruta frå mai til september med base Steinestø ferjekai, 25 min nord for Bergen.
Ein 98-timars arbeidsveke og dekke av reiseutgifter i vinterhalvåret mellom bustad og arbeidsstad er inkludert. Oppstart ønskas så snart som mogleg.
Ser du etter ein jobb med ansvar, variasjon og gode friperiodar?
Som matros i denne stillinga får du arbeide både i fast sambandsdrift og på reserveferje. Frå om lag mai til og med september vil du vere fast disponert i sommarruta p.t i sambandet Jondal - Tørvikbygd. Resten av året vil du vere knytt til reserveferja, p.t. MF Sogn, med base på Steinestø ferjekai, om lag 25 minutt nord for Bergen.Her vil du bidra til å halde fartøyet driftsklart og seile ut på samband der det er behov for ekstra kapasitet, avløysing eller støtte i samband med planlagde verkstadsopphald.
Stillinga har fast turnus med 2 veker på arbeid og 4 veker fri, noko som gir moglegheiter for ein god balanse mellom jobb og fritid. Du vil få fast lønn, gode arbeidsvilkår og ein 98-timars arbeidsveke.
I vinterhalvåret får du dekka reiseutgifter mellom bustad og arbeidsstad når reiseavstanden er over 15 km.
Ønskjeleg med oppstart så snart som mogleg.
Fjord1 dekker manglande krise- og passasjerhandteringskurs for aktuelle kandidatar.
Vi ser etter ein påliteleg matros med gode samarbeidsevner, og eit høgt fokus på tryggleik. Du må vere ansvarsbevisst, fleksibel og kunne handtere varierte arbeidsoppgåver bådesjølvstendig, og som del av eit team.
Fv269 5108
5108Bergen
Arbeidsgiver: Fjord1 - Maritim Drift
Referansenr.: 5209902789
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 30.11.2026