Enable job alerts via email!
Et ledende ferjeselskap i Florø søker maskinsjefar til et prosjekt for det første autonome ferjesambandet. Stillingen involverer opplæring av nytt mannskap og prosjekter ved Tersan Shipyard i Tyrkia. Det er mulighet for fast stilling etter prosjektets slutt. Stillingen tilbyr attraktive lønnsvilkår og rotasjonsordninger.
Vil du vere med på å starte opp verdas første autonome ferjesamband? Vi søker maskinsjefar til engasjement som prosjektressurs for realisering av anbodet Lavik Oppedal. Etter endt engasjement tilbyr vi fast stilling i Fjord1, fortrinnsvis knytta til drift av sambandet Lavik - Oppedal.
Fjord1 søkjer etter 2 maskinsjefar til eit spennande prosjekt der du i eit team vil ha ei sentral rolle som opplæringsressurs for nye fartøy. Du vil starte som prosjektressurs og vil tileigne deg kompetanse om dei nye fartøya ved Tersan Shipyard i Tyrkia. I tillegg vil du ha oppfølgingsansvar for fartøya ved ankomst Norge.
Kvar av ferjene skal ha kapasitet til 120 personbileiningar og 399 passasjerar, og vil bli utrusta med batteri og ladesystem for heilelektrisk drift på sambanda. Design og teikningar er det HAV design som står bak, Norwegian Electric System er systemintegrator.
Fartøya skal leverast frå verft mellom februar og juli 2026 og oppstart i nytt anbod er 1. september 2026.
Turnus er 4 veker i Tyrkia etterfulgt av 1 veke på kontoret i Florø, før 3 veker avspasering.
For periode i Norge legg ein opp til 2 veker på og 2 veker av. Andre ordningar vil bli vurdert.
Oppstart: oktober/november 2025.
Sigrunn Hellebust, Rekrutteringsmedarbeider, +47 47330488, sigrunn.hellebust@fjord1.no
6905 Florø
Arbeidsgivar: Fjord1 AS
Referansenr.: 4999213867
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 31.08.2025
Fjord1 er Noregs leiande ferjeselskap og ein pådrivar i den grøne omstillinga av maritim transport. Vi har ei topp moderne flåte og satsar på verdsleiande teknologi med nullutslepp og ny infrastruktur som sentrale fokusområde. Gjennom kontinuerleg utvikling av både nye og eksisterande fartøy bidreg vi til å forme framtida for kollektivtransport langs norskekysten.
Fjord1 er ein stor kompetansearbeidsplass, både på land og til sjøs, med eit breitt spekter av stillingar innan blant anna operativ drift, teknologi, innovasjon og miljø. Vi ser stadig etter nye medarbeidarar med relevant kompetanse og legg stor vekt på å utvikle eigne tilsette gjennom målretta kompetansebygging og interne karrieremoglegheiter.
Med kontor i Florø, Bergen og Molde, og over 1100 tilsette, tilbyr vi ein spennande arbeidskvardag i eit framoverlent selskap med store ambisjonar for framtida.