A complete application in a minute — tailored resume and cover letter, ready to send.
Fjord1 ASA søker erfaren maskinsjef til region Vestland. Du vil tenestegje på ulike samband i regionen og vere ein viktig ressurs for kontinuitet og stabil drift mellom fartøy og samband ved behov.
Stillinga har fast turnus med 2 veker på arbeid og 2 veker fri. Du må disponere eigen bil og bu innan rimeleg reisekvard til sambanda. Arbeidsgivar dekkjer reisekostnader utover 15 km.
Vi søker no etter ein maskinsjef til ressursgruppa.
I denne stillinga vil du tenestegjere på ulike samband i region Vestland. Du blir ein viktig ressurs som bidreg til kontinuitet og stabil drift på tvers av fleire fartøy og samband ved behov. Stillinga har fast turnus med 2 veker på arbeid og 2 veker fri, noko som gir ein god balanse mellom jobb og fritid.
Som maskinsjef vil du få ein variert og spennande arbeidskvardag med ulike fartøy, ruter og driftsutfordringar. dette krev at du er fagleg trygg, sjølvstendig og tilpassingsdyktig.Du trivst med nye utfordringar, handterer endringar på ein god måte og evnar å ta raske og gode avgjerder når situasjonen krev det.
For å kunne utføre stillinga er det nødvendig at du disponerer eigen bil og bur innen rimeleg reiseavstand til aktuelle sambanda i regionen. Du vil få ein fast avløysingsavtale, og arbeidsgivar dekkjer reisekostnader utover 15 km mellom bustad og arbeidsstad.
Dette er ei unik mogleghet for deg som ønskjer brei erfaring frå ulike fartøy og samband. Du får arbeide sammen med dyktige kollegaer på tvers av regionen, samtidig som du utviklar kompetansen din i eit variert og fagleg spennande miljø.
Aktuelle kandidatar blir kontakta fortløpande, og tilsetting skjer fortløpande.
Vi ser etter ein erfaren og dyktig maskinist som er ansvarsbevisst, fleksibel og tilpassingsdyktig. Du må ha gode samarbeidsevner, høgt fokus på tryggleik og kvalitet, og trivast med ein variert arbeidskvardag der endringar kan oppstå.