A complete application in a minute
Tailored resume and cover letter, ready to send.
Klepp kommune i Rogaland søkjer ein engasjert leiar til Klepp tverrfaglege team (KTT). Stillinga krev evne til å leie og vidareutvikla tenester for barn, unge og familiar, og god vilje til tverrfagleg samarbeid.
Du vil leie team og ha personal-, fag- og økonomiansvar, sikre kvalitet og måloppnåing, og styrkje samhandling mellom oppvekst-, helse- og velferdstenestene i kommunen. Søknadsfrist 26.11.2026.
Vil du vere med og videreutvikle innsatsen for barn, unge og familiar i Klepp kommune?
Ønskjer du å vere ein del av ei engasjert og framtidsretta leiargruppe innan oppvekstområdet? Motiverast du av tverrfagleg samarbeid og av å skape gode tenester for barn, unge og familiar? Då kan dette vere stillinga for deg.
Me søkjer ein engasjert og utviklingsorientert leiar som brenn for tidleg innsats, samarbeid på tvers av fag og tenester, og for å finne gode løysingar saman med innbyggjarane. Me ønskjer oss ein leiar som ser moglegheiter, tek initiativ og tør å prøve nye vegar.
Klepp tverrfaglege team (KTT) er ei sentral og godt etablert teneste i kommunen, og eit godt døme på korleis oppvekstreforma blir omsett til praksis. Teamet gir tverrfagleg oppfølging til barn og unge i alderen 0–18 år og familiane deira. Gjennom tett samarbeid med den einskilde, familien og relevante tenester arbeider KTT for å finne ressursar, meistringsstrategiar og gode løysingar som bidreg til ein trygg og god oppvekst i Klepp.
KTT omfattar mellom anna kommunen sitt tilbod innan psykisk helse for barn og unge, og gjer foreldrerettleiing på lågterskel. Teamet har òg fleire andre oppgåver og ansvarsområde, tilpassa behova til barn, unge og familiar i kommunen. Tilsette med ulik fagleg bakgrunn og kompetanse samarbeider tett med familiar, barnehagar, skular og andre tenester for å sikre rett hjelp til rett tid.
Som leiar får du ei sentral rolle i vidareutviklinga av tenesta og i arbeidet med å styrkje samhandlinga mellom oppvekst-, helse- og velferdstenestene i kommunen.
Me ser etter deg som:
Personlege eigenskapar vil bli tillagde stor vekt
Gry Susanne Hetlelid,Oppvekstssjef,+47 41637049
Solavegen 1
4351KLEPPE
Arbeidsgivar: Klepp kommune
Referansenr.: 5208863292
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 26.11.2026
Klepp er den største av kommunane på Jæren, med over 21 000 innbyggarar og om lag 1800 tilsette. Me ligg sentralt til, med korte avstander både til Stavanger, Sandnes og Bryne.
Kommunen vår har dei flottaste strendene i heile regionen, me har ein spennande kulturhistorie, og ei god blanding av landbruk, industri og varehandel.
Visjonen vår er «Med blikk for alle». Me ønskjer tilsette som tek i eit tak, bryr seg og tenkjer fritt, og me oppmodar alle kvalifiserte til å søkja, uansett alder, kjønn, funksjonsevne, seksuell orientering, religion eller etnisk bakgrunn.
Me gjer merksam på at søkarlister kan verta offentleggjort, sjølv om ein har bede om å bli unntatt offentlegheit.Søkar vil verta varsla før offentleggjering.