A complete application in a minute
Tailored resume and cover letter, ready to send.
Klepp kommune søker ein engasjert leiar til Klepp tverrfaglege team (KTT) som skal vidareutvikle tenester for barn, unge og familiar. Du får personal-, fag- og økonomiansvar og ei sentral rolle i samhandling mellom oppvekst, helse og velferd.
Du har relevant høgare utdanning, leiarerfaring og god forståing for offentlege tenester. Stillinga tilbyr kompetanseutvikling, eit godt arbeidsmiljø og lønn etter avtale.
Vil du vere med og vidareutvikle innsatsen for barn, unge og familiar i Klepp kommune?
Ønskjer du å vere ein del av ei engasjert og framtidsretta leiargruppe innan oppvekstområdet? Motiverast du av tverrfagleg samarbeid og av å skape gode tenester for barn, unge og familiar? Då kan dette vere stillinga for deg.
Me søkjer ein engasjert og utviklingsorientert leiar som brenn for tidleg innsats, samarbeid på tvers av fag og tenester, og for å finne gode løysingar saman med innbyggjarane. Me ønskjer oss ein leiar som ser moglegheiter, tek initiativ og tør å prøve nye vegar.
Klepp tverrfaglege team (KTT) er ei sentral og godt etablert teneste i kommunen, og eit godt døme på korleis oppvekstreforma blir omsett til praksis. Teamet gir tverrfagleg oppfølging til barn og unge i alderen 0–18 år og familiane deira. Gjennom tett samarbeid med den einskilde, familien og relevante tenester arbeider KTT for å finne ressursar, meistringsstrategiar og gode løysingar som bidreg til ein trygg og god oppvekst i Klepp.
KTT omfattar mellom anna kommunen sitt tilbod innan psykisk helse for barn og unge, og gjer foreldrerettleiing på lågterskel. Teamet har òg fleire andre oppgåver og ansvarsområde, tilpassa behova til barn, unge og familiar i kommunen. Tilsette med ulik fagleg bakgrunn og kompetanse samarbeider tett med familiar, barnehagar, skular og andre tenester for å sikre rett hjelp til rett tid.
Som leiar får du ei sentral rolle i vidareutviklinga av tenesta og i arbeidet med å styrkje samhandlinga mellom oppvekst-, helse- og velferdstenestene i kommunen.
Me ser etter deg som:
Personlege eigenskapar vil bli tillagde stor vekt