A complete application in a minute
Tailored resume and cover letter, ready to send.
Klepp kommune søker fagarbeidar til fagteamet i barnehagane i Klepp kommune, med oppstart snarest. Du vil arbeide tett på barn med behov for ekstra oppfølging, bidra til tryggleik, meistring og utvikling i kvardagen.
Du må ha fagbrev som barne- og ungdomsarbeidar og kunne dokumentere politiattest. Vi tilbyr eit varmt og støttande arbeidsmiljø i offentleg sektor og tett oppfølging frå leiaren i fagteamet.
Vil du vere med og skape gode dagar for barn?
Fagteamet i barnehagane i Klepp kommune søkjer fagarbeidarar med oppstartsnarast mogleg.
Fagteamet arbeider for at barn med behov for ekstra støtte skal få gode, trygge og utviklande dagar i barnehagen. Gjennom spesialpedagogiske tiltak og andre nødvendige støttetiltak følgjer vi opp mål som er fastsette i sakkunnige vurderingar og vedtak. Vi er opptekne av å sjå det enkelte barnet sine ressursar og moglegheiter, og arbeider kvar dag for å skape gode opplevingar, meistring og tilhøyrsle i fellesskapet. Som tilsett i fagteamet får du vere med på eit viktig arbeid som kan gjere ein stor forskjell i barn sine liv.Vi ser etter deg som har eit stort hjarte for barn og som ønskjer å bidra til at barn får oppleve tryggleik, meistring og utvikling i kvardagen.
Hos oss får du arbeide tett på barna i kommunale og private barnehagar i Klepp kommune. Vi er opptekne av nærvær, relasjonar og tidleg innsats, og vi ønskjer medarbeidarar som trivst i direkte arbeid med barn.
Som fagarbeidar i fagteamet vil du vere ein viktig støttespelar for barn som treng litt ekstra oppfølging for å få best mogleg utvikling og deltaking i barnehagekvardagen.
Trine Vika Tengesdal,Styrar,+47 93021953
Engrappstubben 1
4351Kleppe
Arbeidsgivar: Klepp kommune
Referansenr.: 5209106548
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 29.11.2026