Get a reply from this employer
Your resume and cover letter, tailored to exactly what they’re hiring for.
Midt-Telemark kommune søkjer ein engasjert leiar til fagområdet plan, bygg, oppmåling og miljø. Du får ansvaret for reguleringsplanar, byggesaker, oppmåling og saker etter forureiningslova, og vil vere ein viktig part i å legge til rette for gode og framtidsretta løysingar for innbyggjarar og næringsliv.
Du leier fagmiljøet, har ansvaret for økonomi og personal, og blir ein nøkkelpartnar internt og eksternt. Vi tilbyr fagleg utvikling og gode pensjons- og forsikringsordningar.
Vil du vere med å forme framtida i Midt-Telemark?Då håpar vi å høyre frå deg!
Midt-Telemark kommune er ein kommune i vekst med stor aktivitet innan bygg, arealforvaltning og samfunnsutvikling. No søkjer vi ein engasjert og utviklingsorientert leiar til eit viktig fagområde i kommunen.
Som leiar for plan, bygg, oppmåling og miljø får du ei sentral rolle i utviklinga av lokalsamfunnet. Du vil leie eit fagmiljø med ansvar for reguleringsplanar, byggesaker, oppmåling og saker etter forureiningslova. Gjennom arbeidet ditt er du med på å leggje til rette for gode og framtidsretta løysingar for innbyggjarar, næringsliv og lokalsamfunn.
Eininga består i dag av åtte dyktige og engasjerte medarbeidarar. Som leiar har du ansvar for fagleg kvalitet, økonomi og personal, og du vil vere ein viktig samarbeidspartnar både internt i kommunen og overfor innbyggjarar, utbyggjarar og andre aktørar.
Vi ser etter deg som trivst med leiing, samarbeid og utviklingsarbeid, og som ønskjer å vidareutvikle eit sterkt fagmiljø og gode tenester.
Krav til kvalifikasjoner:
Ønska kompetanse
Personlege egenskapar vil bli vektlagt.
Kopi av vitnemål og attestar tas med ved eventuelt intervju.
Hans Kortner Ryen,Kommunalsjef Teknisk,+47 91339201
Gullbringvegen 20 3800BØ I TELEMARK
Arbeidsgivar: Midt-Telemark kommune
Referansenr.: 5189705311
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 28.10.2026