Get a reply from this employer
Your resume and cover letter, tailored to exactly what they’re hiring for.
Midt-Telemark kommune søker ein engasjert og utviklingsorientert leiar til fagområdet plan, bygg, oppmåling og miljø. Du vil leie eit fagmiljø med ansvar for reguleringsplanar, byggesaker og oppmåling, og vere ein viktig samarbeidspartnar internt og med utbyggjarar og innbyggjarar.
Du har relevant utdanning frå høgskule eller universitet, leiarerfaring og god kunnskap om plan- og bygningslova. Lønn etter avtale, samt introduksjonsprogram for nye leiarar og gode forsikrings- og pensjonsordningar,
Vil du vere med å forme framtida i Midt-Telemark?Då håpar vi å høyre frå deg!
Midt-Telemark kommune er ein kommune i vekst med stor aktivitet innan bygg, arealforvaltning og samfunnsutvikling. No søkjer vi ein engasjert og utviklingsorientert leiar til eit viktig fagområde i kommunen.
Som leiar for plan, bygg, oppmåling og miljø får du ei sentral rolle i utviklinga av lokalsamfunnet. Du vil leie eit fagmiljø med ansvar for reguleringsplanar, byggesaker, oppmåling og saker etter forureiningslova. Gjennom arbeidet ditt er du med på å leggje til rette for gode og framtidsretta løysingar for innbyggjarar, næringsliv og lokalsamfunn.
Eininga består i dag av åtte dyktige og engasjerte medarbeidarar. Som leiar har du ansvar for fagleg kvalitet, økonomi og personal, og du vil vere ein viktig samarbeidspartnar både internt i kommunen og overfor innbyggjarar, utbyggjarar og andre aktørar.
Vi ser etter deg som trivst med leiing, samarbeid og utviklingsarbeid, og som ønskjer å vidareutvikle eit sterkt fagmiljø og gode tenester.
Ønska kompetanse
Personlege egenskapar vil bli vektlagt.
Kopi av vitnemål og attestar tas med ved eventuelt intervju.
Hans Kortner Ryen,Kommunalsjef Teknisk,+47 91339201
Gullbringvegen 20
3800BØ I TELEMARK
Arbeidsgivar: Midt-Telemark kommune
Referansenr.: 5189705311
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 28.10.2026
Midt-Telemark kommune ligg i hjarte av Telemark med Bø som kommune- og regionssenter og handelssenter, og Gvarv som lokalsenter. Kommunen har om lag 10500 innbyggjarar.Midt-Telemark er ein aktiv kommune med nasjonale turistmål, attraktivt kulturliv, eit innovativt næringsliv og eit variert landbruk, som mellom anna produserer ein fjerdedel av epla i Noreg.Kommunen er studiestad for Universitetet i Sør-Øst Norge, har vidaregåande skule og folkehøgskule. Kommunesenteret er eit trafikknutepunkt med godt kollektivsamband både aust- og vestover, m.a. med bare 2 timar til Oslo og 2 ½ time til Kristiansand med tog.
Midt-Telemark kommune er opptekne av mangfald og vi oppmodar kvalifiserte kandidatar til å søkje jobb hos oss uavhengig av alder, kjønn, funksjonshemming og etnisitet.