A complete application in a minute
Tailored resume and cover letter, ready to send.
Midt-Telemark kommune søker engasjert avdelingsvikar i 98% stilling ved Skrivarvegen 2, 3810 Gvarv. Oppgåvene omfattar dagleg pleie og omsorg, dokumentasjon og legemiddelhåndtering, i tverrfagleg team.
Tilsette får moglegheit til faglig utvikling, trygg arbeidsplass og e-læringskurs. Søknadsfrist er 28.10.2026 med start 01.11.2026 og sluttdato 31.05.2028.
På Sauherad Bygdeheim er me kollegaer som ønskjer å skape ein god arbeidskvardag for kvarandre – og gode dagar for bebuarane. Me jobbar med menneske i sårbare situasjonar, der dine handlingar er med på å utgjere ein forskjell, kvar einaste dag.
Bygdeheimen held til på Gvarv, som gir deg landlege omgivelsar i Midt-Telemark kommune. Her har me 16 langtidsplassar, 7 korttidsplassar og 3 øyeblikkeleg hjelp-senger, og institusjonen er bemanna døgnet rundt.
Jobben handlar om å sjå folk, byggje relasjonar og støtte kvarandre. Uansett om du er nyutdanna eller har vore i bransjen ei stund, får du jobbe tett med erfarne sjukepleiarar, helsefagarbeidarar og pleiemedarbeidarar.
Kva du kan forvente:
Om du ynskjer ein jobb du kan vere stolt av, der du får bruke både hjarte og fagkunnskap – då er dette staden for deg.
Me ynsker deg som
Kontaktinformasjon
Tone Asborg Nilsen,Avdelingsleiar,+47 90840927
Skrivarvegen 2
3810GVARV
Arbeidsgivar: Midt-Telemark kommune
Referansenr.: 5193884538
Stillingsprosent: 98%
Vikar
Startdato: 01.11.2026
Sluttdato: 31.05.2028
Søknadsfrist: 28.10.2026
Me ønskjer i møte med innbyggjarane våre å fremja sjølvstende, kvardagsmeistring, tryggleik og oppleving av styring og kontroll i eige liv. Tenestene me yter skal bidra til å støtta opp under ressursane i personen og samtidig byggja opp under ansvaret til den enkelte og aktiv medverknad i eige liv. Me jobbar ut i frå «kva er viktig for deg?» metodikken og legg til rette for at pårørande, familie og nettverk medverkar i samsvar med ønska til den enkelte. I omsorgstrappa vår er hovudprinsippet at «så lenge eg kan bu heime, så bur eg heime». Me har høgt fokus på gode pasient-/brukarforløp mellom dei ulike trinna i omsorgstrappa.
Midt-Telemark kommune er opptekne av mangfald og vi oppmodar kvalifiserte kandidatar til å søkje jobb hos oss uavhengig av alder, kjønn, funksjonshemming og etnisitet.