A complete application in a minute
Tailored resume and cover letter, ready to send.
Bildediagnostikk leger SNR ved Helse Møre og Romsdal HF søkjer LIS Radiologi. Stillinga gir variert praksis, tett oppfølging og mykje opplæring i MR og ultralyd. Oppstart 01.03.2027, med hovudsakleg opplæring på Hjelset og moglegheit for å bu i Kristiansund. Arbeidsdagen inneheld diagnostikk, vaktordning og mellombel samarbeid med kliniske avdelingar.
HMR tilbyr eit inkluderande arbeidsmiljø og fokus på fagutvikling og forsking, med godt støttesystem og eit sterkt tverrfagleg team.
Ønskjer du ei spennande LIS-stilling i radiologi, med variert praxis og gode utviklingsmoglegheiter? No har du sjansen!
Sjå video frå var avdeling her
Radiologisk avdeling ved sjukehuset Nordmøre og Romsdal (SNR), Hjelset og Kristiansund, er ein god stad for ferske LIS3. Vi har eit breitt spekter av undersøkingar, dedikert og stabil overlegegruppe og eit godt, inkluderande LIS-miljø. Vi har nyleg flytta inn i det nye sjukehuset (SNR) og dei nye lokala legg til rette for ein god og variert arbeidskvardag med mykje 1-til-1 opplæring. Vi har fokus på at nye LIS3 skal få eit godt grunnlag og føle seg trygg med tett oppfølgning når dei startar med vakt.
Vi har no ledig 3 vikariat som LIS Radiologi, med oppstart 01.03.2027.
Opplæring skjer hovudsakleg på Hjelset, men vi legg til rette for deg som ønskjer å bu i Kristiansund.
Radiologisk avdeling ved Hjelset og Kristiansund er sentrale i diagnostikk og oppfølging av pasientar, og samarbeider tett med kliniske avdelingar. Kvart år utfører vi om lag 100 000 undersøkingar innan alle modalitetar. Avdelinga har eit nært samarbeid med St. Olavs hospital om deler av spesialistutdanninga, og det nye sjukehuset (SNR) har fylkets første 3 Tesla MR.
Vil du gjere ein forskjell? Vi i Helse Møre og Romsdal (HMR) gir spesialisthelsetenester til alle innbyggjarane i fylket. Med våre omlag 6500 tilsette er vi ein skapande og nytenkande organisasjon som kvar dag står på for at pasientane skal få best mogleg helsetenester. Vi har ei leiande rolle innan forsking og utdanning, og har sterke fagmiljø knytt til teknisk drift, økonomi og HR. Akuttsjukehusa i HMR er i Volda, Ålesund, og på Hjelset i Molde kommune. I SNR Kristiansund vert det vidare eit breidt spesialisthelsetenestetilbod med poliklinikk, dagbehandling og dagkirurgi. I tillegg har vi behandlingsinstitusjonar innan psykisk helsevern og rusbehandling. Det vert lagt til rette for gode og inkluderande arbeidsmiljø prega av openheit og respekt. Vi vil at våre tilsette skal spegle mangfaldet i befolkninga. Difor oppmodar vi alle som er kvalifiserte til å søkje hos oss, uavhengig av kjønn, alder, funksjonshemming, nasjonal eller etnisk bakgrunn. Det same gjeld om du har hatt eit lengre opphald i arbeidslivet. Helse Møre og Romsdal er underlagt offentleglova. Vi arbeidar for meiroffentlegheit, og søkarlista til stillinga kan bli offentleggjort. Ein kan be om unntak frå offentleg søkarliste. Unntak skal grunngjevast frå søkar si side. Arbeidsgivar vil vurdere ei slik oppmoding, og søkar vert kontakta om oppmodinga ikkje vert tatt til følgje.
Uansett kva stilling du vert tilsett i, så skal vi bidra til at du får utvikle deg og kompetansen din. Bli med på laget! For meir informasjon om helseføretaket, sjå Helse Møre og Romsdal